RBK-veteran ut mot Fredrikstad

Rosenborg-veteran Ole Selnæs går hardt ut mot Fredrikstad etter at gjestane utligna til 1-1 på Lerkendal fem minutt på overtid. – Eg har aldri vore med på maken, seier Selnæs til NRK og andre medier. – Og eg har spelt fotball ganske lenge. Det er eit lag frå sekund éin som brukar eit halvt minutt kvar gong det er innkast eller femmeter. Det er frustrerande, men det er ingenting vi får gjort noko med. Vi må fokusere på oss sjølve. Effektiv speletid i dag er sikkert det lågaste eg har hatt i heile min karriere, held 29-åringen fram. Snaue åtte minutt ut i 2. omgang broderte trønderane seg lekkert gjennom forsvaret til FFK, og etter nokon flotte berøringar frå Adrian Pereira, Noah Holm og Edvard Tagseth kunne Santeri Väänänen til slutt prikke inn 1-0 til vertane. Eit angrepsvilleg RBK-mannskap viste musklar mot sesongens så langt store overrasking, og Johanssons mannskap styrte lenge mot tre poeng. På overtid sørga Kjelsrud Johansen for at det endte 1-1. Dermed blir FFK verande på 3.-plass i Eliteserien, eitt poeng framføre Molde på 4.-plass. (NTB/NRK)

Jun 2, 2024 - 23:30
 0