Norsk motorsykkelprofil i stygg krasj

Den norske roadracingprofilen Mia Rusthen (21) har vore i ei stygg ulykke. Dette skjedde under tidenes første VM-runde for kvinner. Dette melder Gpone.com på sine nettsider. Rusthen skal ha blitt frakta med helikopter til Bufalini-sjukehuset i Cesena. President i Noregs Motorsportsforbund, Emilie Funderud Westbye, stadfestar ulykka ovanfor VG: – Eg kan stadfeste at Mia Rusthen har vore i ei ulykke under køyringa på Misano-bana i Italia. Så mykje meir har eg ikkje å sei akkurat no. 21-åringen var for første gong plukka ut til å delta i VM, i ein nyoppretta kvinneklasse. Alt 18 år gamal vart jenta frå Drøbak tatt ut til å delta i eit av Yamaha sitt offisielle roadracing-lag. Det var eit lag som skulle byggjast opp nettopp med tanke på å sikre plass i dette VM. Rusthen var einaste kvinne på laget, samt einaste norske som fekk plass i dette eksklusive selskapet. Ho uttalte til NRK den gong at ho var glad for så sprengje nokre innbilte fordommar, som ho uttrykte det. – Fordommane går ut på at dette er ein sport som er meint for gutar, sa 18-åringen den gong.

Jun 15, 2024 - 16:30
 0