Mobbing i grunnskulen aukar

For andre år på rad er det ein klar auke blant elevar som opplever mobbing i grunnskulen, viser Elevundersøkinga 2023. – Det er svært urovekkande at så mange fortel om mobbing. Dessverre er dette ei utvikling i same retning som i fjor. Difor er vi allereie i gang med tiltak for å få ned mobbetala, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Undersøkinga viser også at motivasjonen for å gå på skulen går ned. Dette er ein trend ein har sett over fleire år. Regjeringa vil difor sjå på korleis ein kan gjere 5. til 10. trinn meir praktisk og variert. Elevundersøkinga er ei undersøking som blir gjennomført frå 5. trinn til og med det siste året på vidaregåande skule.

Jan 22, 2024 - 10:30
 0