Fosse får Storkors av St. Olavs Orden

Hans Majestet Kongen har forfremja forfattar Jon Fosse til Storkors av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Fosse er frå Hardanger, og er blant dei mest spela nolevande dramatikarane i verda. Han har fått ei rekkje prisar og utmerkingar. I fjor fekk han også Nobelprisen i litteratur. I 2005 vart Fosse utnemnd Kommandør av St. Olavs Orden. – Den Kongelege Norske St. Olavs Orden blir tildelt som «påskjønning for utmerkte fortenester for Noreg og menneskeslekta», skriv Kongehuset på nettsidene deira. Dekorasjonen blir overreket ved eit arrangement i Det norske Samlagets lokale i Oslo, torsdag 20. juni.

Jun 7, 2024 - 11:00
 0