EU vil innføre ny toll på kinesiske elbilar

EU vil innføre ein ytterlegare toll på kinesiske elbilar. Det kjem fram av ei pressemelding onsdag. Den nye tollen kjem på toppen av dagens toll på 10 prosent. Det skjer etter at EU i fjor sette i gang undersøkingar, då fleire og fleire kinesiske elbilar no ruller rundt på europeiske vegar. Bilprodusentar som ikkje har samarbeida i undersøkingane, blant dei SAIC – som står bak merket MG – vil få ein toll på 38,1 prosent. Dei andre to store produsentane BYD og Volvo-eigar Geely vil få toll på høvesvis 17,4 og 20 prosent. Årsaka er at EU-kommisjonen meiner at dei kinesiske produsentane nyt godt av «urettferdige subsidiar», noko som utgjer ein økonomisk trussel for europeiske elbilprodusentar. Dei nye tollsatsane trer i kraft frå 4. juli, med mindre kommisjonen blir samde med kinesiske styresmakter. Dei nye tollsatsane kan ende opp å råke også vestlege bilprodusentar. Blant anna Tesla, som har produksjon i Kina, kan ende opp med «ein individuelt avgrensa tollsats». Dei ferske tollsatsane er førebels langt unna USA sin toll på 100 prosent, som vart annonsert tidlegare i år.

Jun 12, 2024 - 14:30
 0