Ankar dom om kvitvasking

To menn er dømde for grov kvitvasking av over 30 millionar kroner. – Eg har ingen kommentarar til saka utover at dommen blir anka, seier advokat Omar Tashakori. Han forsvarar mannen som fekk den strengaste dommen på fem år og tre månadar. Pamela Kajic-Piplica er forsvarar til mannen som blei dømd til 4 år og 4 månadars fengsel. – Han har ikkje erkjent straffskuld. Ankefristen er ikkje gått ut og dommen er ikkje rettskraftig. Eg har ikkje fleire kommentarar per no, seier han. Herman Sveen Michalsen er forsvarar til mannen som blei dømd til eit år og tre månadar i fengsel. – Han har godtatt dommen, og me meiner det er eit riktig utgangspunkt for straff som tingretten setter. Det er ein korrekt utmåling etter mitt syn, seier han. Totalt var fire menn tiltalt i saka. Ein mann blei frifunne. – Vi ankar dommane for dei to mennene som høvesvis blei frifunne og dømt til eit år og tre månadars fengsel, seier politiadvokat Fredrik Reinertsen.

Feb 20, 2024 - 18:00
 0