Amerikanske medium ber Biden trekka seg

Fleire amerikanske aviser ber USAs president Joe Biden trekka seg frå presidentvalet, etter ein «katastrofal» opptreden under debatten i natt. – Eg skulle ønska Biden reflekterte over denne debattprestasjonen og vidare kunngjorde si avgjerd om å trekka seg frå løpet, skriv New York Times-spaltist Nicholas Kristof på X. Kommentatoren meiner Biden bør la nokon andre stilla som presidentkandidat for demokratane. Også Financial Times-direktør Edward Luce tok til X for å dele sine tankar. – Dette er ein katastrofe, skreiv han. Det politiske nyheitsmediumet Politico skriv også at Biden burde ta sin hatt og gå.

Jun 28, 2024 - 09:00
 0