Dette veit vi om Israel sine rørsler inne i Libanon

5 days ago 5


IDF har ikkje sjølv sagt at bakkestyrkane som har teke seg inn i sørlege Libanon kan skildrast som ein invasjon.

Talsperson for det israelske militæret Daniel Hagari, kallar operasjonen for eit «utvida raid».

Men israelske soldatar er inne i Libanon, og deltek framleis i kampar mot Hizbollah på bakken.

Korkje Israel eller Hizbollah seier nøyaktig kva desse går føre seg.

Men evakueringsordrane som har kome frå Israel onsdag, viser kvar dei meiner det blir for farleg for libanesarar å opphalde seg.

I 2006 gav FN ordre til Hizbollah om å trekke seg ut av området sør for Litani-elva i Libanon. Elva er markert i raudt på kartet.

Elva har igjen blitt ei grense. 1. oktober åtvara det israelske militæret alle i området om å ikkje krysse breiddene frå nord til sør.

Dei som allereie heldt til i sør, blei ikkje bedne om å evakuere.

Seinare på dagen kom kontrabeskjeden. IDF sin arabisk-språklege talsperson, Avichai Adraee, sette grensa langs Awali-elva lenger nord.

Innbyggarar i over 20 sørlege landsbyar fekk då beskjed om å evakuere nord for denne.

Hizbollah stadfestar at dei har skote med artilleri mot israelske styrkar i grenselandsbyen Metula, som ligg inne i dette området.

Varslar mange timar til med angrep

Ifølge det israelske militæret vil deira «operasjonar i Libanon» halde fram gjennom natta.

Talspersonen seier likevel at bakkestyrkane «ikkje har planar om å dra til Beirut eller byar sør i Libanon».

Skadar på eit bygg etter bombing i Beirut

Opptil ein million menneske kan vere på flukt som følge av israelske angrep i Libanon. I Beirut er mange av dei frå dei sørlege forstadane, der Israel har sendt ut evakueringsordre.

Foto: Hassan Ammar / AP

Det har likevel vore nye luftangrep mot Beirut tysdag ettermiddag, ifølge Reuters. Mange av angrepa har vore mot forstaden Dahieh, som Hizbollah kontrollerer.

Omtrent samtidig sende den amerikanske ambassaden i Israel ut ein naudvarsel til sine tilsette, og bad dei om å reise heim eller gjere seg klare for å gå inn i eit bomberom.

Dette er den første beskjeden av sitt slag som har kome sidan Iran sine luftangrep på Israel i april.

Aftermath of Israeli strikes on Beirut's southern suburbs

Sørsida av Beirut har store øydeleggingar etter israelske angrep dei siste vekene.

Foto: Ali Alloush / Reuters

Hektisk diplomati

Situasjonen ein no ser i Libanon er ekstremt alvorleg, seier den norske utanriksministeren Espen Barth Eide tysdag.

– Det er nett den eskaleringa vi har frykta lenge, at vi går frå ein veldig dramatisk situasjon i Gaza og på Vestbreidda til ein meir internasjonal konflikt, seier han.

– Over tusen sivile liv har gått tapt, og opp mot ein million menneske er på flukt.

Utenriksminister Espen Barth Eide

Barth Eide seier situasjonen i Libanon er «ekstremt alvorleg»

Foto: Terje Haugnes / NRK

Eide fortel at det har gått føre seg hektisk diplomati mellom mange land for å prøve å stoppe Israel sin bakkeinvasjon.

I tillegg har dei oppfordra til våpenkvileforhandlingar, seier han.

– No ser det snarare ut til at våpena skal tale.

Trass i varselet frå USA, har ikkje Iran sitt svar på angrepa kome enno. Iran støttar Hizbollah, og har varsla hemn mot Israel sidan Hizbollah-leiaren blei drepen.

Ifølge Barth Eide ønsker ikkje landet ei eskalering.

– Samtidig veit vi at det kan vere mykje press internt, no som mange av Iran sine allierte i regionen blir direkte angripne.

Israelske soldatar ventar ved grensa til Libanon

Israel har sendt ei vesentleg mengd bakkestyrkar opp mot grensa til Libanon den siste tida. Her sit israelske soldatar og ventar tysdag 1. oktober.

Foto: AHMAD GHARABLI / AFP

Vesentleg fleire israelske angrep

I nesten eit år har Hizbollah utført luftangrep mot mål i nordlege Israel, og Israel har gjort det same mot deira mål i sørlege Libanon.

Den grå linja er grensa mellom sørlege Libanon og nordlege Israel.

Desse er dei fem stadane i Israel Hizbollah har angripe mest sidan 7. oktober 2023, ifølge Al Jazeera.

Dette er kor mange angrep avisa har registrert på kvar plass.

Israel har angripe desse områda mest i same periode.

Ifølge avisa har altså IDF slått vesentleg hardare til.

No som konflikten på nytt har eskalert, lurar mange på kor lenge dei israelske styrkane kjem til å vere der.

Israel sin viktigaste alliert, USA, meiner at det er snakk om dagar og ikkje veker. Det seier fleire amerikanske tenestepersonar til NBC News tysdag.

USA sender forsterkingar

Den amerikanske presidenten sender inn «eit par tusen til» styrkar til Midtausten for å styrke Israel sitt forsvar, sa USA sitt forsvarsdepartement seint i går.

Det finst allereie 40.000 amerikanske soldatar i regionen, blant anna ved basar i Syria, som grensar til Libanon, og Irak.

Fleire toppleiarar seier til New York Times at støtta inneheld kampfly av typen F-15, F-16, F-22 og A-10.

Publisert 01.10.2024, kl. 16.34

Read Entire Article