12 boktips for sommaren

5 months ago 267


Vil du ha ei lita og lett bok som er enkel å putte i sekken? Eller ei bok som kan vare heile sommaren? Er ferieturen kortreist i år, kan ei bok ta deg ut i verda. Og så har du ei heilt anna type reise: ei reise i tida.

Her får du 12 gode boktips frå ekspertane, NRKs litteraturkritikarar.

Du kan lese dei på papir eller digitalt, dei fleste finst også som lydbok.

Bøker som eignar seg på reise

Sju korte historier

Monica Goksøyr og bokomslag av "Slemme jenter"

PRISVINNAR: Goksøyr er allereie tildelt både Vesaas debutantpris og LO sin litteraturpris for samlinga. Ho fortener mange lesarar òg.

Foto: Oda Berby / Aschehoug
  • Bok: «Slemme jenter» av Monica Goksøyr
  • Antal sider: 168
  • Format: Papirbok, e-bok og lydbok
  • Anbefalt av: Gerd Elin Stava Sandve

Noveller passar perfekt på tur! Særs artige, originale, tankevekkande noveller av den typen Monica Goksøyr tilbyr sju av i debutsamlinga si, «Slemme jenter».

Jentene ho skriv om, er ikkje eigentleg så slemme. Dei har berre sitt å stri med. Fælt arbeidsmiljø. Uforståande partnarar. Rasisme. Ein lengt, etter noko som er vanskeleg å setje fingeren på. Sår med skorper som verkar.

Her er gode skildringar av arbeidsliv, og av både forelsking, fascinasjon og djupare kjærleik, både til menneske og dyr.

Denne samlinga fortener mange lesarar.

Søt musikk

Bokomslag av "Polakken" og portrett av J.M. Coetzee

KJÆRLEIK: Ein kan lett bli forelska i denne romanen.

Foto: Ulla Montan / Cappelen Damm
  • Bok: «Pianisten» av J. M Coetzee, omsett av John Erik Bøe Lindgren
  • Antal sider: 114
  • Format: Papirbok, e-bok og lydbok
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Ei spansk kvinne, som høyrer til Barcelonas betre stilte, får ansvaret for ein aldrande polsk konsertpianist. Han skal spele verk av Chopin, og søt musikk oppstår mellom kunstnaren og vertinna.

Denne vesle boka av den sørafrikanske meisteren J.M Coetzee er ei kjærleiks­historie av dei sjeldne, som kjem til å leve i lesaren – lenge.

Boka er perfekt på reise, ikkje minst fordi ho er så lita.

Sorgmunter smørbrødreise

Collage av omslaget til boken "Hafni forteller" og portrettbilde av forfatter Helle Helle.

LETT OM SORG: Helle Helle strør smil, latter og appetitt på livet over mørkeret Hafni har i seg.

Foto: Mikkel Carl / Oktober Forlag
  • Bok: «Hafni forteller» av Helle Helle, omsett av Trude Marstein
  • Antal sider: 168
  • Format: Papirbok og e-bok
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Helle Helles hovudperson er i ei eksistensiell krise og legg ut på ein køyretur i heimlandet Danmark. Her skal ho ete seg gjennom små landsbyar ned mot endestoppet ved grensa til Tyskland. Planen vert stadig forpurra av uventa forseinkingar og møter med framande undervegs.

Hafni fyller det emosjonelle tomrommet med stort og smått ho møter på ferda.

Det er rett og slett makelaust korleis Helle Helle syner oss det dirrande mørkeret gjennom å skrive om så mykje lys og latter.

Ei fin bok om reise å ta med seg reise.

Tilbake til toppen av saka.

Bøker du får ei reise ut i verda med

USA på innsida

Bokomslag av "Demon Copperhead" og portrett av Barbara Kingsolver

Denne tjukke boka er tung å ta med seg på reise, men tek deg ut i verda gjennom boksidene.

Foto: Evan Kafka / Kagge forlag
  • Bok: «Demon Copperhead» av Barbara Kingsolver, omsett av Kirsti Vogt
  • Antal sider: 635
  • Format: Papirbok, e-bok og lydbok
  • Anbefalt av: Gerd Elin Stava Sandve

At USA er stort og samansett, visste vi frå før. Men er amerikanarar eigentleg så dumme som mange i Europa likar å tru?

Amerikanske Barbara Kingsolver er oppteken av å vise fram rikdommen i ein kultur ho er glad i, frå fjellområdet Appalachane søraust i landet. Her er arbeidsløysa stor, opioid-krisa akutt, og fordommane mot dei såkalla «hillbillyane» mange. Men folka er fine likevel!

Ikkje minst gjeld det Demon Copperhead sjølv. Han blir fødd i små kår av ei narkoman mor. Vil han klare seg? Alle som les historia hans, heiar.

Dette er ei forteljing ei seint gløymer, om rus og kjærleik, håp og harme. Og eit Amerika få kjenner innanfrå.

Røvarhistorier frå India

Ari Gautier med briller, øredobber og grått skjegg i en collage med omslaget til boken "Thinnai"

UKJEND I NORGE: For mange nordmenn er Ar Gautier eit nytt namn.

Foto: Camino Forlag
  • Bok: «Thinnai» av Ari Gautier, omsett av Synneve Sundby
  • Antal sider: 172
  • Format: Papirbok og e-bok
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Skrønene blir fortalt på thinnaien, den overbygde verandaen utanfor huset til eg-forteljaren i denne romanen.

Den eine historia er meir eventyrleg enn den andre.

Ari Gautier kan skildre heile livshistorier med få, karakteriserande avsnitt. Religion, politikk, kolonialisering og ikkje minst nasjonalitet, er tema Ari Gautier handsamar i ei bok som kan ta pusten frå lesaren.

Romanen er eit oppkomme av forteljingar frå ulike kontinent og tidsepokar, frå Europa på 1600-talet til India på 1900-talet.

Jødanes liv før krigen

Albert Döblin i svart hvitt, med briller, og bokomslag av "Reise i Polen"

HUNDRE ÅR SIDAN: Denne boka kom ut på originalspråket i 1925.

Foto: Pax forlag
  • Bok: «Reise i Polen» av Alfred Döblin, omsett av Rune R. Moen
  • Antal sider: 334
  • Format: Papirbok
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Hausten 1924 reiser forfattaren Alfred Döblin med tog til daverande Polen, i eit Europa som ikkje lenger finst.

Det jødiske Europa er aldri skildra så tydeleg som her.

Difor blir Döblins fantastiske reiseskildringa også eit vitnemål om kva Europa kunne vore.

Tilbake til toppen av saka.

Bøker som tar deg med på ei reise i tid

Livet som 16-åring

Vigdis Hjort og omslaget på boka "Gjentakelsen" fra 2023.

SKIN: Vigdis Hjort får 16-åringen til å skine i denne boka.

Foto: Sara Angelica Spilling / Cappelen Damm
  • Bok: «Gjentakelsen» av Vigdis Hjort
  • Antal sider: 144
  • Format: Papirbok, e-bok og lydbok
  • Anbefalt av: Knut Hoem

I sin siste roman reiser Vigdis Hjorth attende til eiga ungdomstid på Tåsen i Oslo.

Kva vil det seie å oppleve ungdomstida på nytt?

Med hjelp frå den danske filosofen Søren Kierkegaard tenkjer Hjorth gjennom dette ein gong til.

Evig aktuelle Vigdis Hjorth er no aktuell på nytt når ekskjærasten Arild Linneberg har skrive si bok om deira samliv, «Bare om Arnold Busk». Snakk om gjentaking!

Trøblete i «Trøbbelet»

Forfatter Louise Kennedy og omslaget til Overtredelser

KRIG OG KJÆRLEIK: Ei rørande forteljing om kjærleikens kår når valden trugar.

Foto: Aschehoug/Patrick Bulger
  • Bok: «Overtredelser» av Louise Kennedy, omsett av Merete Alfsen
  • Antal sider: 318
  • Format: Papirbok, e-bok og lydbok
  • Anbefalt av: Gerd Elin Stava Sandve

Vi skal til Belfast. Året er 1975, og den valdelege konflikten mellom protestantar og katolikkar som begge sider kallar «trøbbelet» er på det mest trøblete.

Britiske soldatar dominerer bybiletet. Bomber blir sprengde. Folk blir banka opp. Vegsperringar må forserast for å koma seg stader.

Midt i denne vonde situasjonen blir Cushla forelska i Michael. Ho er ung, og katolikk. Han er eldre, gift frå før, og dessutan protestant. Alt er med andre ord feil. Kan det likevel bli dei to?

Nord-irske Louise Kennedy teiknar eit detaljert portrett av ein epoke i britisk og irsk historie som no er over, men som har sett djupe spor særs i Nord-Irland.

Smålåten, men skarp

Gwendolyn Brooks og omslaget til Maud Martha

ENDELEG: Omsider har vi denne boka på norsk.

Foto: Oktober forlag
  • Bok: «Maud Martha» av Gwendolyn Brooks, omsett av Vibeke Saugestad
  • Antal sider: 145
  • Format: Papirbok og e-bok
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Nokre gonger kan ein oppdage ei gammal bok som treffer midt i hjartet. Slik er det med «Maud Martha» frå 1953, den einaste romanen som den amerikanske lyrikaren Gwendolyn Brooks skreiv.

Her møter vi ei ambisiøs svart jente, seinare ung kvinne, som må sjå at lagnaden hennar i stor grad er styrt av eit segregert samfunn.

Subtilt skildrar Brooks undertrykkings­mekanismane i USA på 1950-talet. Meir skummelt enn den institusjonaliserte rasismen i samfunnet, er dei tronge rammene som dei undertrykte gir seg sjølv.

«Maud Martha» er ei lita bok. Ikkje desto mindre gir ho frå seg eit stort avtrykk.

Tilbake til toppen av saka.

Bøker som tar deg gjennom heile sommaren

Historisk spenningsroman

Tore Renberg og omslag på boka "Lungeflyteprøven"

DJUPDYKK: Saman med «Aktivisten. Et essay om Christian Thomasius og hans tid» gir «Lungeflyteprøven» høve til djupdykking i europeisk historie i overgangen mellom mellomalder og opplysningstid.

Foto: HÅKON MOSVOLD LARSEN/NTB/OKTOBER
  • Bok: «Lungeflyteprøven» av Tore Renberg
  • Antal sider: 558
  • Format: Papirbok, e-bok og lydbok
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Helten i forteljinga til Tore Renberg er ein vital jurist ved namn Christian Thomasius, som set alt inn på å redde ei ung jente, som er skulda for spedbarnsdrap.

Når boka først kjem i gong er dette topp, historisk underhaldning.

Ein lærer mykje om korleis dei tenkte på 1600-talet. Det er krig og sjukdom overalt, noko menneska veit å leve med, og å dikte om.

Ein skal ikkje sjå bort frå at du også kjenne trong til å reise til det austlege Tyskland med neste tog.

Krig, flukt og kjærleik

Fotografi av forfatteren Aleksandar Hemon og omslag for hans bok «Verden og alt den rommer».

DIVERRE EVIG AKTUELL: «Verden og alt den rommer» er ei reise i både tid og rom om konsekvensane av krig.

Foto: Gyldendal/Princeton Universit
  • Bok: «Verden og alt den rommer» av Aleksandar Hemon, omsett av John Erik Bøe Lindgren
  • Antal sider: 332
  • Format: Papirbok, e-bok og lydbok
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume

Sarajevo, Jerusalem, Tasjkent og Shanghai: Den bosnisk-amerikanske forfattaren Aleksandar Hemon tek lesarane med på ei reise i både tid og rom i denne forteljinga.

I sentrum står ei umogeleg kjærleikshistorie. Men her er så mykje meir: Hemon vil halde fast på lagnadene til unge menn som måtte ned i skyttargravene, og som då krigen var slutt, kanskje korkje hadde familie eller heimland å vende tilbake til.

Han skriv kynisk og varmt i same avsnitt, og skildrar livet som tek krumspring ingen kunne ha førestilt seg.

«Verden og alt den rommer» er ein mektig roman om konsekvensane av krig. Den er diverre evig aktuell.

Lesefest!

Den svenske forfatteren Jonas Hassen Khemiri og omslaget på hans nye bok "Søstrene" (2024)

LINJER: Jonas Hassan Khemiri drar linjer gjennom tida, gjennom stadane og gjennom livet.

Foto: Max Burkhalter/Gyldendal
  • Bok: «Søstrene» av Jonas Hassen Khemiri, omsett av Andreas Eilert Østby
  • Antal sider: 656
  • Format: Papirbok, e-bok og lydbok
  • Anbefalt av: Gerd Elin Stava Sandve

Fire hovudpersonar. Ein haug statistar. Sju tidsplan. Tre storbyar, og ein drøss småstader. Svenske Jonas Hassen Khemiri bjudar på.

Forteljaren deler namn med forfattaren. Han er fascinert av tre søstrer, som også har svensk-tunisisk bakgrunn: Flinke Ina. Karismatiske Evelyn. Ville Anastasia.

Vi følger dei frå nyttårsaftan 1999 2000, via vår tid, til framtida. Slik blir boka også eit portrett av ein epoke og ein stad: Sverige på 2000-talet. Det handlar om familie og vennskap, opphav og fellesskap, sorg og glede. Og språket boblar av energi.

«Søstrene» er ei spanande og idérik forteljing, som ein godt kan bruke tid på å lese og fordøye.

Tilbake til toppen av saka.

Publisert 21.06.2024, kl. 10.03

Read Entire Article