Derfor prøvde eg single girl-challenge

3 months ago 45


SYNNØVE S. HEFTE

Student

Ein kveld kjeda eg meg, mens eg søkte rundt på nettet. Det var då eg fann ein gammal «pin» eg hadde lagra på Pinterest for ti år sidan, kalla «30 days single girl challenge».

Eg skulle gjera éin utfordring kvar dag i 30 dagar. Her var det alt frå blinddate, karaokekveld med venner og finne ut kva eg såg i ein partnar.

Eg har hatt eit veldig turbulent år, og fann ut at denne utfordringa kunne gje meg utfordringar, sjølvutvikling og kanskje oppdaga sider av meg sjølv eg ikkje har sett.

Altså var ikkje målet nødvendigvis å få meg kjærast eller berre å date, men heller å utfordre meg sjølv til å bli tryggare og meir open rundt dette å møte nye menneske.

UTFORDRA SEG SELV: Synnøve S. Hefte har vore på fleire dates i det siste, og sit att med ein meistringkjensle. Foto: Privat

Når eg flytta til Bergen blei eg skuffa over datingkulturen som var her. Dei fleste meldingane eg fekk på Tinder var klokka halv fire på natta.

Alt var så halvhjerta.

Eg vil ta opp nokon punkt eg har erfart under utfordringa.

  • Ver ærleg

Me lev i ein ghostingkultur der me berre ignorerer kvarandre om me ikkje vil møte vedkommande meir, i staden for å ta det opp med personen.

Dette var den vanskelegaste delen i challengen, fordi eg var redd for å såra nokon om eg sa kvifor eg ikkje ville møte dei igjen.

Same med dei eg hadde prata med ein stund og innsett etter kvart at eg ikkje ville møte dei. Folk satt pris på å få tilbakemelding (som regel) og blei glad for å høyra sanninga sjølv om eg syntes det var ubehageleg.

Eg har fortsatt ein veg å gå der. Eg klarar fortsatt ikkje å avvise nokon andlet til andlet, som er den mest reale måten å gjera det på.

Hva tenker du?Kunne du kastet deg på «single girl-challenge»?aJa, jeg vil gjerne ta utfordringen og begynne å date!bKan man ikke finne kjærligheten uten å dra på date?cJeg har allerede funnet den rette <3
  • Utfordra deg sjølv

Sjølv om eg har klaga på dårlege dater, så skjønner eg godt kvifor det lett blir tydd til øl på fyrste date. Ein veit ikkje kva den andre personen liker, og for min del er det ein del ting eg synes er ukomfortabelt å gjera framfor ein fyr eg er interessert i.

Likevel vil eg anbefala å trosse desse fryktane. Den mest spenstige fyrste daten eg har vore på, var å gå opp Fløyen.

Ei låg jente, saman med éin to meter høg mann, straka vegen opp i skyfri himmel, med mykje sveitte og mange pustepauser.

Dette viste seg å bli ein veldig hyggeleg date, sjølv om eg var kjempenervøs for at kondisen min ville halda.

  • Gje sjansar

Det viktigaste er å ikkje gå i friendzone med eingong. Eg møtte mange kjekke gutar, men følte aldri gnist med fyrste blikk.

Likevel var eg villig til ein date nummer to, fordi stemninga var god.

Ein veit aldri, kanskje det kjem sommarfuglar i magen etter kvart?

  • Forskjellige tolkningar

Misforståing i stemninga på date, var også noko eg også la merke til.

Nokon gonger merka eg at det ikkje kom til å bli ein date nummer to, men eg var likevel hyggjeleg med fyren.

Ein vil liksom ikkje såre den andre, men det er jo viktig å vere ærleg. Og så er det jo sjølvsagt veldig hyggeleg at nokon vil møte deg igjen, sjølv om det ikkje alltid kjennest gjensidig.

Og det treng jo sjølvsagt ikkje vere noko gale med personen. Magekjensle og kjemi har jo enormt mykje å seie her.

Hva tenker du?Hva vil du helst gjøre på første date?aTar gjerne en kaffe på et koselig sted.bIskald pils er en sikker vinner.cVil gjerne gå en tur mens vi blir kjent.dDet er hyggelig å lage middag sammen.eForetrekker en aktivitet! Minigolf eller dart, for eksempel.fUff, jeg synes alt er kleint.
  • Ha ein heiagjeng!

Det viktigaste eg vil ta fram, er støtte frå vener. På grunn av prosjektet laga eg ei Facebook-gruppe der eg fekk meg ein liten gjeng med venninner som heia og hjelpte meg med challengen.

I løpet av challengen kunne eg kontakta dei med både tips til dates, få dei til å gire meg opp til ein date, eller gje meg ein klapp på skuldra om eg blei avvist.

Ofte trong eg nokon som sa «Du klarar dette».

Då kjente eg meg uovervinneleg og klarte å møte fyren, sjølv om pulsen min var kjempehøg og eg eigentleg hadde lyst til å springa vekk med eingong eg såg fyren. Girls girl er dei einaste som er velkomne i min vennegjeng!

Eg oppmodar alle til å gjera ein sånn type challenge, uavhengig av kjønn, alder, livssituasjon og kva ein er på jakt etter.

Eg trur på ein sjølvutvikling som kan hjelpa deg i mange forskjellige settingar, ikkje berre dating.

For trass alt, singellivet handlar om å utfordre seg sjølv.

Les også

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
Read Entire Article