Volvo kallar tilbake 72.000 nye elbilar

Volvo må kalla tilbake 72 000 nye eksemplar av den nye elbilen EX30 i Sverige og resten av verda. Det skriv den svenske bilavisa Carup. Årsaka er at bilane kan ha ein feil i midtskjermen, som gjer at speedometeret ikkje blir vist. Modellen har ikkje eit tradisjonelt speedometer bak rattet, men på ein større skjerm til høgre for føraren, og det er denne som kan gå i testmodus når bilen startar, skriv avisa. I testmodus blir ikkje hastigheita vist. For å fiksa feilen må programvara oppdaterast.

Jun 8, 2024 - 20:00
 0