Ny demonstrasjon utanfor NRK mot Israel si deltaking i Eurovision

Eit par hundre demonstrantar møtte opp utanfor NRK laurdag kveld utanfor publikumsinngangen til andre delfinale i MGP. Demonstrantane held kvite bultar som skal symbolisera palestinske foreldre og søsken som ber drepne palestinske barn. Dei krev at Israel blir utestengd frå Eurovision Song Contest i 2024. Kringkastingsrådet behandla torsdag Israel si deltaking i Eurovision. Kringkastingssjefen har frårådd ei boikott av israelsk deltaking i songkonkurransen. – Å ta til orde for ein boikott av Israel vil svekka NRK sitt truverd som nyheitsformidlar, sa ho og la til at folk har full rett til å protestera og vera ueinige med NRK si vurdering. Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) har sagt at det er uaktuelt å stenga ute Israel frå Eurovision. Konkurransen blir i år arrangert i Malmö i Sverige.

Jan 20, 2024 - 19:30
 0