Muntlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til statsministeren. Besvart: 17.04.2024 av statsminister Jonas Gahr Støre

Det går for tida føre seg eit opent seminar i regjeringspartia om kva regjeringa eigentleg skal meine om rein energi-pakken frå EU. Dette er ein del av fjerde energimarknadspakke frå 2018, som no, seks år seinare, framleis ikkje teken inn i EØS-avtalen. For ein månad sidan gjekk EUs energikommissær, Kadri Simson, til det steget å sende eit brev til regjeringa der EU ber om at denne pakken vert innført seinast 13. august, og at eit forslag til vedtak vert sendt til EU innan 13. mai. Det er 26 dagar til. Utanriksministeren har sagt at følgjande kan skje dersom regjeringa ikkje overheld den fristen: Barth Eide seier vidare til avisa Nationen på spørsmål om Noreg vil overhalde fristen: I eit svar frå i går på eit skriftleg spørsmål frå representanten Ola Elvestuen vil energiministeren ikkje bekrefte at regjeringa vil halde desse fristane. Senterpartiet sin energipolitiske talsperson her på Stortinget går endå lenger og sa følgjande til avisa Nationen i helga: Senterpartiet sin parlamentariske leiar, Marit Arnstad, følgde opp i går og sa at det ikkje er naturleg at ein set seg ein frist. Ho sa også for nokre månader sidan dette på spørsmål om Senterpartiet kan gå med på å innføre rein energi-pakken: Finansminister Vedum sa i går: Det er ikkje heilt enkelt å forstå verken kva regjeringa meiner om rein energi-pakken, eller om dei har tenkt å forhalde seg til at EU har sett ein frist, 26 dagar frå no, for å sende eit forslag til vedtak. Så spørsmålet til statsministeren er veldig enkelt: Har regjeringa tenkt å halde den fristen, eller har dei ikkje tenkt å halde den fristen?

Apr 18, 2024 - 12:30
 0