Slik tar du grønare val i sommar

4 months ago 36


Sol, sommar og frislepp frå grøne vanar?

Ikkje la klimasamvitet gnage i sommar. Det er ikkje så vanskeleg å ta grøne val – og det er ikkje for seint å starte!

Her er dei fem tipsa til ekspertane!

Mat: Lag plass til meir grønsaker

Kva med å legge til deg ein ny matvane i sommar?

Grilla kjøtt er ein kjær sommartradisjon, men kjøtt er òg ein av klimaverstingane.

Rive agurk til tzatiki

La frukt og grønsaker spele ei større rolle på grillen enn til vanleg.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Så kva med å vere nysgjerrig, og byte ut litt av tallerkenen med meir grønsaker, eller nytt høvet til å prøve deg på ein rett med ein ny type grønsak.

– Inviter gjester over så dei også kan smake, seier Marie Carlsen.

Ho legg til at akkurat det med å inspirere andre ved å få dei til å smake, er noko ho har hatt suksess med fleire gonger.

Marie Carlsen lagar grønsakbasert mat av klimaomsyn, også om sommaren.

Om du er i utlandet

– Det er ein del som tenker at viss du er på tur, gjeld ikkje dei vanlege reglane elles. At det er frislepp og at ein difor mellom anna handlar meir, seier Ingeborg Flagstad.

Men ver bevisst: Ta med deg det du treng heimanfrå, og skal du på shopping når du er på tur, kan du tenke sirkulært og handle brukt.

Og når du kjem til ein ny stad, sjekk om det går an å leige sykkel, eller bruk beina og kollektivtilbodet.

– Du opplever byen på ein heilt annan måte når du går eller syklar. Du stimulerer fleire sansar, altså lukt, syn og lyd, seier Marie Carlsen.

💚 Kva er ditt grøne bidrag i sommar? 💚

Utflukter: Ferie i eigen naboby

Utforsk nabobyen, eller kva med å besøke slektningar som bur ein annan stad?

Ikkje tenk at du må reise ein stad, kva med å prøve ein ny aktivitet?

  • Ta brattkortet, så du kan klatre
  • Ta våttkortet, så du kan padle
  • Sjekk kva aktivitetar den lokale turistforeininga ha å by på

Kajakk-trondheim

Opplev staden du er på frå vatn. Har du våttkort, kan du leige kajakk. Har du ikkje råd til å leige kajakk, kan du sjekke næraste BUA, eller sjå om det lokale biblioteket også har utstyrsutleige.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Vel du å ta ein tur i naturen, anten det er fottur eller telttur, kan du oppnå dobbelt gevinst.

– Det er ein måte å feriere på som har lite klimafotavtrykk. Og vi veit også at dei som bruker mykje tid i naturen, dei blir meir glade i naturen, og blir også meir opptatte av å ta vare på naturen, seier Ingeborg Flagstad.

Transport: Tenk alternativt

Sjå etter alternative måtar å komme deg rundt på.

  • Skal du i butikken, og vêret er fint: Ta beina fatt
  • Finn fram sykkelen!
  • Om du må bruke bil: Fyll den, og ikkje reis så langt

– Eg veit det er vanskeleg å ta tog, for ofte er det dyrt, og tar lang tid. Men prøv å planlegge, sånn at du kan spare både CO₂ og pengar, om du bestiller i førevegen, seier Carlsen.

Sykklende Turist

Sjekk om hotellet eller turistkontoret også driv med sykkelutleige, om du er på feriereise.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Ting og klede

– Treng eg noko nytt, går eg alltid inn på Tise før eg går inn i ein nettbutikk, seier Carlsen om appen der du kan kjøpe og selje bruktklede.

  • Sjekk Tise eller Finn etter det du treng
  • Sjå om DNT eller det lokale biblioteket ditt eller folkeverkstad har kurs for vedlikehald og reparasjon
  • Treng du turutstyr berre éin gong, kan BUA eller Hygglo vere ei moglegheit

– Har du pengar er det mykje ein skomakar kan gjere, seier Carlsen.

Loppemarked i Hamar den 21. juli.

Du kan også gå på loppemarknad. Mange var på loppemarknaden som blir arrangert kvar første søndag i månaden i Hamar. Dette loppemarknaden vart utsett ei helg på grunn av regn.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Publisert 25.07.2024, kl. 11.50

Read Entire Article