Prøvene til Peer Gynt er i gang: – Ein slags 2.0-versjon

4 months ago 37


– Alt er annleis, men ikkje vêret. Det forandrar seg ikkje.

Det seier Mads Ousdal til NRK etter å ha hatt sceneprøve til Peer Gynt ved Gålåvatnet.

I steikande sommarsol sprett Ousdal energisk fram og tilbake langs vatnet.

– Vi gjer den jo litt annleis. Vi har andre grep, andre forteljarteknikkar. Men vi har den fantastiske teksten i botnen. Så vi får sjå kva vi klarer i vasskanten.

Rollen som Peer Gynt er fysisk krevende. Her bærer Mads Ousdal på Ane Dahl Torp mens han spretter langs vannkanten.

Rolla som Peer Gynt er fysisk krevjande, noko Mads Ousdal trur han meistrar.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Peer Gynt 2.0

Sjølv om Ousdal er eit tiår eldre no enn første gong han spelte Peer Gynt, ser han ikkje på framsyninga som meir fysisk enn andre.

– Det er klart at 3,5 time på scena er fysisk anten du rir på hest eller om du les høgt. Så det er ei krevjande framsyning, vedgår 53-åringen.

Mads Ousdal mottar tilbakemeldinger fra regissør Erik Ulfsby.

Mads Ousdal er tilbake ti år etter første framferd som Peer Gynt.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Denne utgåva har også med Ane Dahl Torp som debuterer i framsyninga som mor Åse.

Torp blei spurd for nokre år sidan om å spele i stykket, avslører ho.

– Men då kjente eg sånn: «Nei, veit du kva, den klarer eg ikkje.» Då Erik spurde meg no, så kjente eg at eg har alderen og det som trengst på innsida til å gjere det, seier Dahl Torp til NRK.

Ane Dahl Torp har funnet sin plass som mor Åse ved siden av Mads Ousdal som Peer Gynt.

Ane Dahl Torp kjenner seg klar for å vere mor Åse ved sida av Mads Ousdals Peer Gynt.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Ho har stor tru på manuset som ho og stjernegalleriet skal framføre.

– Dette er eit av verdshistorias aller beste stykke. Mads og eg sat og gjekk igjennom scenene våre i føregår. Då vi var ferdige så seier vi berre: «Herregud, for ein åndssvakt bra tekst!», stråler ut Torp.

Framvisinga vil vere attkjennande for dei som såg Peer Gynt mellom 2014-2016, forklarer regissør Erik Ulfsby.

– Vi prøver å ta med oss det beste, og så har vi mange heilt nye scener som vi trur skal løfte det ytterlegare. Det er ein slags 2.0-versjon, beskriv regissøren.

Regissør Erik Ulfsby på Gålå under prøvene til Peer Gynt.

Regissør Erik Ulfsby er tilbake på Gålå nær ti år etter hans førre oppsett av Peer Gynt.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Tre generasjonar Ousdal

Sist Erik Ulfsby regisserte Peer Gynt-stykket, var Mads Ousdal i rollebesetninga.

Åtte år etter førre gong som Peer Gynt, er ikkje Mads den einaste Ousdal i besetninga.

– Vi har lyst til å fortelje historia på nytt, og kanskje fokusere litt på livet som Peer hadde som liten, forklarer Ousdal om å ha med son sin Abel som ein sju år gamal Peer Gynt.

– Det gir i alle fall ein viss klang, eit bilete, eit slags minne om korleis det var.

Maja Christansen spiller i Peer Gynt på Gålå.

Aksel Hennie i Peer Gynt 2023.
Sveip for tidligere år 👉

Smittevernekspert på Gålå

I 2021 ble Peer Gynt til i samråd med en smittevernekspert.
Sveip for tidligere år 👉

Peer Gynt

Slik så Peer Gynt ut i 2020.
Sveip for tidligere år 👉

Peer Gynt på Gålå. Peer og Huldra

Peer og huldra i 2019.
Sveip for tidligere år 👉

Peer Gynt på Gålå 2019. Dansende Peer

En dansende Peer i 2019.
Sveip for tidligere år 👉

Svein Sturla Hungnes gir seg som Peer Gynt

Etter 2018 ga Svein Sturla Hungnes seg som Peer Gynt.
Sveip for tidligere år 👉

Marianne Nielsen & Jakob Oftebro, Peer Gynt, Gålå 2017. Fjords.tv

Marianne Nielsen & Jakob Oftebro i 2017.

Mads Ousdal sin far Sverre er også med som stemmeskodespelar i Peer Gynt-framsyninga i år.

Sjølv om det blir ei annleis historie, meiner Mads Ousdal at ein ikkje treng å ha sett dei tidlegare versjonane.

– Eg trur framsyninga blir annleis enn den vi har sett før, men det er ikkje nokon føresetnad å ha sett han før. Eg håpar og trur at det kjem til å bli ei oppleving for publikum.

Ane Dahl Torp er i trygge hender med Mads Ousdal, som kjenner Peer Gynt-stykket godt fra tidligere år.

Mads Ousdal er ei trygg hamn med historia si som Peer Gynt.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Publisert 25.07.2024, kl. 21.38

Read Entire Article