Krigsfotograf måtte flykte: – Folk vart veldig redde. Dei vil ikkje døy

4 days ago 5


Krigsfotografen Lotfallah Daher er ikkje framand for krig eller konflikt.

Fram til måndag budde han i landsbyen Ebl el Saqi sør i Libanon. No har han og familien flykta, etter at landsbyen deira vart råka av eit israelsk luftangrep.

– Fem menneske vart drepne i åtaket. Ein prest og hans fire døtrer vart òg skadde. Situasjonen til presten er kritisk, seier Daher til NRK tysdag.

Han beskriv situasjonen i landsbyen som roleg fram til desse åtaka, og seier det ikkje har vore nokre militære operasjonar der tidlegare.

– Me har ikkje vore ein del av konflikten. Men i går fekk me meldingar om at me måtte forlate området, og at me ville vere i fare viss vi vart igjen. Folk vart veldig redde. Dei vil ikkje døy.

Store skader på landsbyen Ebl el Saqi i Libanon etter israelsk luftangrep mandag

Det er store øydeleggingar på landsbyen Ebl el Saqi etter israelske luftangrep måndag.

Foto: Privat

Sette seg i bilen

Familien følte dei måtte reisa vekk, og dermed forlate alt dei eigde. Dei sette seg i bilen og drog nordover.

Det var ikkje lett for dei – eller dei andre bebuarane i landsbyen.

– Folk har jo brukt mange år på å bygge opp liva sine her. Så risikerer ein at alt vert borte på eit blunk. Det er veldig trist. Det er ikkje lett å berre dra, seier Daher, og legg til:

– Du forlèt ikkje berre verdiar og eigedom. Du forlèt eit samfunn og eit fellesskap.

Annleis denne gongen

Sjølv om han har dekka konfliktar i 40 år som krigsfotograf, er det annleis denne gongen.

– Denne gongen har òg journalistar vorte råka. Fleire av kollegaene våre har vorte drepne, det har skapt bekymring og redsel, seier Daher.

Han seier han har begynt å tenke meir på konsekvensar no som han har vorte eldre.

– Det er ingen journalistar igjen i området, fordi dei vert utsette for åtak. Det verkar som om ingen av partane ønsker å ha kamera på staden, som kan vise kva som faktisk skjer.

Krigsfotografen meiner Libanon ikkje var førebudd på ein krig. No seier han libanesarane er pessimistiske for framtida, etter alt som har skjedd.

– Men me må prøve å finne håpet, seier han.

Eit endra folk

Jan Erik Brodahl er tidlegare tryggingssjef for FN i Aust-Libanon. Han har òg merka ei endring blant libanesarane.

– Libanesarar er jo vanlegvis så blide og hyggelege, men ikkje no lenger.

Han skildrar eit land fullt av redsel.

– Folk er redde for at situasjonen skal eskalere fordi det slår ned bomber overalt. Det er verken personar eller bilar i gatene. Folk kvir seg for å gå på butikken. Det er forferdeleg trist, seier FN-veteranen.

Jan Erik Brodahl er tidlegare tryggingssjef for FN i Aust-Libanon og har god kjennskap til landet.

Jan Erik Brodahl er tidlegare tryggingssjef for FN i Aust-Libanon og har god kjennskap til landet.

Foto: Privat

Han fortel vidare om menneske som søv på gata. Syriske og palestinske born som verken har familie eller tak over hovudet.

– Dei som ikkje har bustad, forsøker å bryte seg inn i tomme hus for å ha ein stad å bu. Dei har verken pengar eller mat. Apoteka byrjar å gå tomme for medisinar. Innbyggjarane står midt i ein krisesituasjon og er desperate.

– Ingen grunn til at Israel skal stoppe

Då NRK snakka med Brodahl, var det framleis fleire timar til Iran angreip Israel med fleire missil

Han teikna like fullt eit dystert bilete av realiteten på bakken.

– Som tidlegare militær, er eg stygt redd for at dette berre er ein liten test før Israel går vidare, seier han.

Så dette er berre byrjinga på noko større?

– Ja, det trur eg. Viss Hizbollah ikkje gir seg, ser eg ingen grunn til at Israel skal stoppe. Då har dei jo fått det som dei vil, og har ein grunn til å halde fram kampane for å komme seg vidare, seier FN-veteranen.

Israel og Hizbollah har hatt daglege trefningar sidan krigen i Gaza braut ut 7. oktober i fjor. Det var Hizbollah som først gjekk til åtak på Israel i solidaritet med palestinarane.

Dei to siste vekene har situasjonen eskalert kraftig. Israel har flytta store styrkar nordover og seier at krigen no er inne i ein ny fase.

Israel har fleire gonger uttalt at målet er å gjere Nord-Israel trygt, slik at dei om lag 60.000 evakuerte israelarane kan flytte tilbake til grenseområda.

På motsett side av grensa aukar talet på internt fordrivne for kvar dag som går.

FN anslår at åtaka har drive over 300.000 libanesarar på flukt hittil, medan libanesiske styresmakter har anslått at opp mot 500.000 menneske har måtte flykta.

Tysdag bad Israel innbyggjarar i over 20 landsbyar sør i Libanon om å evakuere.

Publisert 01.10.2024, kl. 21.47 Oppdatert 01.10.2024, kl. 21.48

Read Entire Article