Iran: Trugar Israel med å øydeleggje all infrastruktur

4 days ago 5


– Bombinga vil bli gjenteke med høgare intensitet og all infrastruktur i landet vil bli råka, sa generalmajor Mohammad Bagheri på statleg fjernsyn.

Trugselen kjem etter at den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har sagt at Iran skal betale for åtaket, som han meiner var mislukka.

Åtaket frå Iran har vore kalla for eit «stort feilsteg» av Netanyahu.

Det var tysdag kveld at Iran skaut 180 missil inn i Israel, ifølge det israelske militæret (IDF).

Ein far og to born som søkjer tilflukt frå rakketåtaka frå iran.

Foto: Ronen Zvulun / Reuters

Iran har sjølv bekrefta at dei skaut 200 rakettar, melder statleg iransk fjernsyn.

Presidenten i Iran, Masoud Pezeshkian kommenterte tysdag kveld angrepet i landet mot Israel.

– Dette er berre ein liten del av vår styrke. Ikkje hamn i ein konflikt med Iran, skreiv han på X.

Eit øydelagt skulebygg i Israel etter at Iran skaut rakettar mot landet.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

– Iran ønskjer ikkje krig, men vil møte alle trugslar, skreiv han vidare.

Eide: – På randa av storkrig

Etter utviklinga i Midtausten dei siste dagane målar utanriksminister Espen Barth Eide eit mørkt bilete av situasjonen.

Tysdag uttala Eide til NRK at situasjonen var i ferd med å eskalere heilt ut av kontroll.

– Regionen står på randa av ein storkrig, som kan ende med å involverte fleire statar og skape ein endå større humanitær katastrofe.

Utenriksministeren møter pressen

Foto: Thomas Fure / NTB

Publisert 02.10.2024, kl. 05.24 Oppdatert 02.10.2024, kl. 05.45

Read Entire Article