– Pappa har blitt alvorleg sjuk, så han må vere heime. Eg skulle veldig gjerne ønske at han var her og fekk med seg dette her. Eg veit han har følgt med, sa ein tydeleg rørt Ole-Kristian Bryhn, som ikkje klarte å halde tilbake tårene etter triumfen.
Bryhn har deltatt i OL, har medaljar frå VM, og er tidlegare skyttarprins. Onsdag tok han nok ei bragd, da han blei skyttarkonge på Landsskyttarstemnet 2024 i Steinkjer.
Men det skjedde utan at faren var til stades.
– Han har betydd så å seie alt. Det var han som fekk meg inn i sporten, og det er eg veldig, veldig glad for, fortel han til NRK.
Til topps
Sjølv om faren er i ferd med å kvikne til, var han ikkje frisk nok til å vere i Trøndelag og heie på sonen.
Broren Anders var tydeleg rørt over prestasjonen til Ole-Kristian, og takken han gav til den kreftsjuke far deira.
– Han har køyrt rundt på stemne og sørgt for at Ole har hatt topp utstyr til kvar tid. Han har verkeleg via livet sitt til det her, både fordi han har vore skyttar før, men også fordi han har elska å følge opp oss to.
Bryhn hadde saman med June Emilie Åsenden, som låg på skive to, ein poengsum på 248 før finalen. Der Bryhn skaut full pott, fekk Åsenden 99 poeng og enda med det på ein andreplass, og blei årets skyttarprinsesse.
– Eg har drøymt om det i 20 år. Dette har eg jobba hardt for, sa Bryhn etter sigeren.
– Dette er ein dag eg kjem til å hugse for alltid, fortsette han gråtkjøvd.
Frå «Meisteren til meistrane» til skyttarkonge
Tysdag var det kvalifisering, der dei 15 beste skyttarane fekk ein plass i Kongelaget.
Her skaut Bryhn 248 poeng av 250 moglege. To poeng unna full pott resulterte i at han fekk ligge på skive éin under finalen onsdag, og han skaffa seg med det eit solid utgangspunkt til å kunne ta med seg kongepokalen heim til Røyken.
– At det faktisk skulle bli skive éin det var ein draum, men kanskje bitte litt overraskande, sa den tidlegare skyttarprinsen til NRK etter kvalifiseringa.
Tusenvis av skyttarar blei til 15 finalistar, før 15 finalistar blei til ein skyttarkonge. Ein folkefest med gode skyteforhold i Trøndelag skulle vise seg å bli eit draumestemne for den regjerande «Meisteren til meistrane», Ole-Kristian Bryhn.
Publisert 25.07.2024, kl. 12.30