– Dette er eit massivt angrep i stor skala meint for å paralysere TGV-nettverket, seier operatøren SCNF til nyheitsbyrået AFP.
Det skal mellom anna vere snakk om brannangrep.
– Det blei påsett brannar for å skade installasjonane våre, seier operatøren til Reuters.
Operatøren seier mange avgangar vil bli kansellerte og at situasjonen vil vare gjennom helga inntil skadane blir retta. Det er linene Atlantic, Northern og Eastern som er råka.
Den franske idrettsministeren Amélie Oudéa-Castéra fordømmer hærverket.
– Det er fullstendig forferdeleg. Å angripe leikane er å angripe Frankrike, seier ministeren til franske BFMTV, som viser til dei olympiske leikane.
Fredag går startskotet for OL i Paris. Opningsseremonien blir heldt på elva Seinen som går gjennom byen. Det er venta store folkemengder i den franske hovudstaden.
Publisert 26.07.2024, kl. 09.02 Oppdatert 26.07.2024, kl. 09.09