Tankbil involvert i ulukke i tunnel på E16

Ein tankbil og ein personbil har vore involvert i ei møteulukke i Trengereidtunnelen på E16 mellom Bergen og Vaksdal. Ulukka har skjedd nokre hundre meter inn i tunnelen, melder politiet. To personar er involverte. Dei er vakne og medvitne, og ifølge politiet verkar dei uskadd. Føraren av personbilen er ein mann i 70-åra. Tankbilen er lasta med diesel, men det er ikkje meld om lekkasje. Naudetatane er framme på staden. – Foreløpige indikasjonar tyder på at føraren av personbilen har kome over i feil køyrefelt og treft hengaren på traileren, seier operasjonsleiar i politiet, Knut Dahl-Michelsen. Tunnelen vart stengd, men opna klokka 14.30.

Apr 9, 2024 - 15:00
 0