Støttegruppa 25. juni og ukrainske Insight får Kim Frieles minnepris
Regjeringa kunngjorde opprettinga av Kim Frieles minnepris under Oslo pride i fjor, og no er dei første prisvinnarane klare. Støttegruppa 25. juni får prisen fordi dei har vore ei viktig støtte og tydeleg stemme for dei som vart ramma av terroren i Rosenkrantz’ gate i Oslo 25. juni 2022. Insight får prisen for si sentrale rolle i å fremme rettane til skeive i Ukraina. – Trass i alle framsteg vi har gjort, står det framleis jobb igjen å gjere. Kim Frieles minnepris er viktig for å synleggjere at kampen for rettane til skeive må halde fram, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Prisen blei delt ut under Oslo Prides femtiårsmarkering i Operaen onsdag.
![Støttegruppa 25. juni og ukrainske Insight får Kim Frieles minnepris](https://gfx.nrk.no/lLBIz098MR1M10fdDC0IWA9IwFPPudjZ9Yq9FtCsBMCA.jpg?#)