Spanske medium: Etterlyst nordmann pågripen i Spania

Spanske medium skriv at ein etterlyst nordmann er pågripen i Alicante. Den spanske avisa TodoAlicane skriv at vedkommande skal vere etterlyst for fysisk og psykisk vald, hærverk, og brot på besøksforbod. Dette skal ha gått føre seg frå 2017 til 2023. Avisa skriv vidare at mannen har vore etterlyst av norske styresmakter sidan april. Ifølge Dagbladet dreier det seg om ein mann i 30-åra. Mannen blei pågripen på eit lokalt kontor der han gjorde papirarbeid knytt til immigrasjon, står det i spanske medium. NRK har vore i kontant med Utanriksdepartementet som seier dei ikkje har høyrt om saka.

May 12, 2024 - 13:00
 0