Skogbrann i Førde

Fredag kveld byrja det å brenne i eit skogsområde like ved Førde sentrum. Klokka 19.25 melder politiet at brannen er sløkt. – Circa 100 kvadratmeter er brent eller svidd, og det er førebels ikkje meldt inn noko som indikerer årsak, seier Bjarte Rebnord i politiet til NRK. Det blei sendt inn brannmannskap i området som starta sløkking med piskar medan dei jobba fram vatn. Skogsområdet ligg mellom to bustadområde. – Brannvesenet vil vere der i forbindelse med ettersløkking, men har i utgangspunktet kontroll på at det ikkje spreier seg meir, seier Rebnord.

May 17, 2024 - 22:30
 0