Skal ha avslørt agentar

Den ukrainske tryggingstenesta SBU hevdar dei har rulla opp eit russisk agentnettverk som planla attentat på ukrainske leiarar. Blant dei nettverket skal ha hatt planar om å drepe, er president Volodymyr Zelenskyj. Agentane skal ha vore medlemmer av den statlege vakttenesta, melder SBU på Telegram. Agentane skal ha forsøkt å rekruttere soldatar til å drepe presidenten. – SBU har hindra planar om å eliminere Ukrainas president og medlemmer av den øvste leiarskapen innanfor politikk og forsvar, skriv dei. Bildet skal vise ein av dei arresterte agentane. (NTB)

May 7, 2024 - 16:00
 0