Oppjusterer dødstalet etter angrep mot teltleir

Talet på drepne etter eit israelsk åtak mot ein teltleir i nærleiken av Rafah har kome opp til 25. Det melder Reuters, som siterer helsestyresmaktene i området. 50 palestinarar blei såra. Vitne har fortalt redningsarbeidarar at det blei skote rakettar mot to område som var fylt med telt, ifylgje talspersonen for sivilforsvaret. Områda ligg like utanfor det Israel har definert som trygg sone. Det israelske forsvaret seier dei undersøker meldingar om åtaka. Tidlegare fredag melde palestinske Raude Halvmåne at 18 palestinarar blei drepne, og 35 såra.

Jun 22, 2024 - 00:00
 0