Oddmund Hoel (Sp) innrømmer juks for å få meir pengar

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel innrømmer til VG at han overrapporterte medlemstala i Norsk målungdom på starten av 90-talet. Statsråden seier til avisa han gjorde det for å få meir i statstøtte. Hoel var dagleg leiar i organisasjonen den gongen. – Det er burde ikkje ha skjedd, seier Hoel til VG. Han hadde ansvaret for å sende inn søknadar om statstøtte, og det var då han rapporterte inn fleire medlemmar enn organisasjonen eigentleg hadde. – Var det bevisst? – Ja, det gjorde eg bevisst, svarar statsråden. Det var Firda og Nettavisen som først omtalte medlemsjukset. Statsminister Jonas Gahr Støre skal ha fått beskjed om saka før Holen blei utnemnt som statsråd. Statsministerens kontor (SMK) skriv i ein e-post til NRK at dei var orientert om denne saka: – Det var også i samtalen Oddmund Hoel hadde med stabssjef ved SMK før han blei statsråd. Vi går ikkje i detalj om kva vurderinga dei har gjort i samtalen: – Statsministeren har tillit til Oddmund Hoel, skriv dei vidare.

Feb 5, 2024 - 18:00
 0