Israels forsvarsminister: Krigen sør i Gaza går mot slutten

Israels forsvarsminister, Yoav Gallant, seier at den militære operasjonen sør på Gazastripa går mot slutten, melder Reuters. Men han sa at dei har måtte halde fram med krigen for å legge press på Hamas for å få sett fri gissel. Han sa også at når krigen er over, skal Gaza bli styrt av palestinarar. – Palestinarane bur i Gaza, og difor skal Gazastripa bli styrt av palestinarar. Ei framtidig regjering i Gaza må vekse ut av Gazastripa, sa Gallant på ein pressekonferanse, skriv AFP. Krigen mellom Hamas og Israel har vart i 100 dagar etter at soldatar frå Hamas tok seg inn i Israel 7. oktober og tok gissel og drap israelarar.

Jan 15, 2024 - 22:00
 0