Har sløkt brannen på Mongstad

Brannen på Mongstad er no sløkt, melder Alarmsentralen. Klokka 06.08 fekk brannvesenet melding om brann på Mongstad raffineri i ein bustadrigg. Det var Equinor som sjølv melde frå om hendinga. Det bur 26 personar i bustaden. – Evakueringa er starta, men vi veit ikkje om dei er ute enno, sa Sigurd Hadeland i Alarmsentralen til NRK 06. 20. Klokka 06. 30 hadde brannvesenet sløkt og fått kontroll på brannen. Ingen av personane blei skadde i hendinga. Bustadriggen ligg langt unna installasjonane på Mongstad, og det var ikkje fare for spreiing. Ressursar frå Nordhordland brann og redning rykte ut til staden. Industrivernet på bedrifta dreiv også med sløkkingsarbeid. – Det bur masse folk på eit lite område i ein slik bustadrigg. Det kan få konsekvensar, sa Hadeland om hendinga. Politi og helse rykte også ut til staden.

Jan 12, 2024 - 07:00
 0