Brann i bustadblokk i Bergen – 14 evakuerte

14 personer blei evakuerte då det byrja å brenna i ei bustadblokk på Nattland i Bergen seint måndag kveld. Brannen blei rapportert rundt klokka 22.30 og meldt sløkt to timar seinare. – Brannen starta i fjerde etasje og spreidde seg vidare til tre naboleilegheiter. Alle har store skadar i veggar og takkonstruksjon, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnor. Det var mykje vind i området, og ei stund var det fare for spreiing. Brannvesenet rykte ut frå Fana, Sandviken, Laksevåg og hovudstasjonen i Bergen. – Me starta evakuering i den aktuelle blokka, og nærliggande blokker med ein gong me kom på staden, sa operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt måndag kveld. Det er for tidleg å seia noko om årsaka til brannen. Krimteknikarar i politiet skal undersøkja brannstaden og vitne skal avhøyrast.

Apr 30, 2024 - 07:00
 0