Bil med fem personar stod i fare for å falle 100 meter ned i sjøen

Ein bil med fem personar var nær ved å hamne 100 meter ned i sjøen etter eit trafikkuhell i Gloppen. Hendinga skjedde ved Eikenestunnelen i nærleiken av Hestenesøyra. Politiet fekk melding om hendinga klokka 09. 28. Det var ein vaksen og fire born om bord i bilen, som hamna delvis på sida etter eit uhell. Køyretøyet låg på vippen ved ein skrent der det var 100 meter ned i sjøen. Dei fem personane som sat i bilen var redde for at den kunne falle ned og kontakta naudetatane. Arne Rønnekleiv Holme frå brannvesenet har vore på staden. Han skildrar situasjonen som dramatisk. – Det kunne fort gått riktig gale. Bilen låg og vippa i vinden og det er ei bratt skråning på staden. Det var ikkje rart dei var litt «shaky», seier han. Dei fem var prega, men slapp med skrekken, legg han til. – Det er alltid dramatisk når bilen ikkje er sikra, seier Stian Kvam i 110 Vest til NRK. Brannvesenet har fått kontroll på køyretøyet og dei fem personane er ute av bilen. Ingen av dei skal vere fysisk skadde. Vegen har vore stengt, men det blir jobba med då opne vegen att. – Det er svært glatt på staden, seier Kvam.

Feb 3, 2024 - 12:00
 0