Vil gi Heimevernet 277 millionar meir i 2025 – alle skal trene kvart år

2 months ago 15


Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) besøkte måndag Setnesmoen leir som er hovudkvarteret til Møre og Fjordane Heimevernsdistrikt.

Der hadde dei med seg denne budsjettlekkasjen: 277 millionar meir til Heimevernet i statsbudsjettet for neste år.

Fordelinga av dei ekstra pengane blir slik – om Sp og Ap får det som dei vil i budsjettforhandlingane:

  • 124 millionar kroner til å trene alle heimevernsområda kvart år.
  • 95 millionar kroner til fleire HV-soldatar.
  • 31 millionar kroner til meir kle og utstyr.
  • 16 millionar kroner til betalte verv for å styrke arbeidet i HV-områda.
  • 11 millionar kroner til fleire HV-ungdomstilbod.

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett blir lagt fram 7. oktober.

Setnesmoen leir

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Skal trene oftare og fleire dagar

Forslaget frå regjeringa inneber at alle heimevernsområde skal ha ei trening i året, og at samlingane skal vare fem eller sju dagar.

– Det er ikkje lurt å ha for korte treningar. Fem for soldatar og sju for befal er rekna som eit bra nivå som gjer at du får godt utbytte av årets trening, seier Gram.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum på Setnesmoen leir saman med sjef for HV11, Richard Moen.

Richard Moen er distriktssjef for HV11, her saman med finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Distriktssjef for HV11, Richard Moen, meiner forslaget frå regjeringa betyr at dei kan planlegge og gjennomføre øvingane betre.

– Det som blir presentert av forsvarsministeren og finansministeren her gjer at vi kan planlegge og legge til rette for ei heilt anna øving enn vi har gjort tidlegare. Dette gir oss også fleire dagar til å trene på, som igjen gir auka kvalitet og betre utbytte for både soldatar og befal.

– Over alt alltid

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier denne satsinga på Heimevernet er utruleg viktig for grunntryggleiken i Norge.

– Heimevernet er over alt alltid. Og det har vore eit viktig mål for Sp-/Ap-regjeringa å bygge opp Heimevernet vidare.

Setnesmoen leir

Regjeringa varslar at dei vil satse på heimevernet i statsbudsjettet for 2025.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Men ei satsing på 277 millionar er ikkje veldig mykje i eit forsvarsperspektiv, er det?

– Ein får mykje for pengane når ein satsar på Heimevernet. Det utgjer ein liten del av forsvarsbudsjettet, men det store volumet av soldatar i Noreg, er jo heimevernet. Derfor er det og at Heimevernet får sin del. No er det eit større heimevern som skal trene meir og vere betre utstyrt, seier Gram.

– Kraftig styrking

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum meiner det dei no legg fram er ei kraftig styrking av Heimevernet.

– Det er ei kraftig styrking av Heimevernet fordi budsjettet deira er på litt over 2 milliardar kroner. Då blir det meir øving, betre utstyr og vi skal også ha ein større styrke. Vi ønsker å styrke Heimevernet i heile Noreg, for det er grunnberedskapen vår, men også ein sterk sivil ressurs, i sivile kriser.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på Setnesmoen leir, hovudkvarteret til Møre og Fjordane heimevernsdistrikt (HV11).

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum på Setnesmoen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han slår også fast at dei ønsker å auke HV-styrken enda meir i åra som kjem – frå dagens tal på 40.500 fordelt på 11 distrikt.

– No blir det 500 ekstra, men vi skal opp til 45.000. Det er også ein billig ressurs, for det er læraren, sjukepleiaren, dei som er i sivile stillingar og møtest i uniform, godt trente over heile landet. Så her får du mykje forsvar for pengane, seier han.

Publisert 23.09.2024, kl. 19.00

Read Entire Article