Ungarns statsminister Viktor Orbans første besøk i Ukraina under krigen

4 months ago 32


Orban, som vert omtala som EUs mest Putin-venlege statsminister, landa i den ukrainske hovudstaden rett før klokka åtte tysdag morgon.

Der skal han treffe president Volodomy Zelenskyj. Dei to skal diskutere moglegheita for å skape fred og bilaterale relasjonar, ifølge Orbans talsperson til Reuters.

Bremsekloss for ukrainsk støtte

Besøket i Kyiv skjer dagen etter at Ungarn tok over formannskapen i EUs ministerråd. Presidentskapen over dette råder roterer, og Orban får sitte dei komande seks månadane.

Orban har vore uttalt kritisk til at Vesten sender militær støtte til Ukraina. Han er ein av få vestlege leiarar som har møtt Putin sidan krigen starta, og ein av få som ikkje har besøkt Ukraina i same periode.

Av EUs 27 statsleiarar, er Orban den einaste som fekk ei nyttårshelsing frå Putin på tampen av 2023.

Under eit møte mellom EU-leiarane i desember, forlot Orban rommet for å sleppe å stemme imot eit forslag om å opne for medlemskapsforhandlingar for Ukraina.

Orban-regjeringa har også lagt ned veto mot sju lovforslag som ville ha gitt våpen verd over 6 milliardar euro til Ukraina. Forslaga fekk støtte frå dei andre 26 medlemslanda.

Regjeringa hans hevdar at Kyiv ikkje greier å garantere rettane til den ungarske minoriteten i landet, og at dei difor ikkje kan få fullt EU-medlemskap.

«Make Europe great again»

Presidentskapen er for det meste symbolsk, og ministerrådet vedtar dei lovene som EU-kommisjonen har foreslått. Men det gir Orban makta til å sette EUs agenda for resten av 2024.

Han trer inn i leiinga under slagordet «Make Europe Great Again», ein open referanse til Donald Trumps valkampsmotto i USA. Han drar gjerne same referanse i taler på heimebane også, «gjer Ungarn stort igjen».

For sjølv om han no sit i ei toppstilling i EU, er statsministeren kjent som unionens urokråke.

Zelenskyj gratulerer Orban

Zelenskyj gratulerte Orban med presidentskapen på X i går.

Foto: Skjermdump, X / Skjermdump, X

Dei siste åra har han utnytta fleire moglegheiter til å blokkere, vatne ut eller utsette viktige avgjerder i EU, særleg på felt der resten av unionen for det meste har vore samkøyrde, som krigen i Ukraina og relasjonar til Russland og Kina.

Særleg fordi Orban har blokkert fleire forsøk på støttepakker til Ukraina og sanksjonar mot Russland, reagerer fleire EU-kommissærar

Eva Sarfi, førstelektor i Aust-Europa-studium ved UiO, peiker ein skilnad mellom det ungarske folket og Orban-regjeringa når det kjem til EU.

– Det store fleirtalet av folket meiner at Ungarn er ein del av Europa, og er positive til EU. Men regjeringa er skeptisk, seier ho til NRK tysdag morgon.

Orban vil ikkje ut av unionen, men har gjort det klart at han vil endre han – innanfrå.

Under valkampen til Europaparlamentet i juni, snakka han om å «overta Brussel».

Søndag lanserte han ein ny allianse til Europaparlamentet kalla «Patriotar for Europa» saman med det østerrikske ytre høgre-partiet Fridomspartiet (FPO) og leiaren for det tsjekkiske populistiske partiet ANO.

Dei tre leiarane signerte eit «patriotisk manifest» med løfter om fred, tryggleik og utvikling i staden for «krig, innvandring og stagnering», som dei meiner «Brussel-eliten» har innført.

– Ungarn ønskjer å motta så mykje pengar som mogleg frå EU, som til no har blokkert ein del middel til dei. Dei vil vise veljarane sine at dei greier å føre den politikken dei har lova dei, seier Sarfi.

Slik sett er formannskapen i ministerrådet ein moglegheit til å gjere nettopp dette.

Perioden gir også Orban tid i det diplomatiske rampelyset. Besøket i Kyiv er ein kickstart.

Publisert 02.07.2024, kl. 09.25

Read Entire Article