Eg vil bli lege. Det kjennest umogeleg

2 hours ago 1


Privat

Etter årevis med beinhard lesing, hard disiplin og ei stressande, nesten kjedeleg ungdomstid - var ingenting verdt det?

Mandag 25. november kl. 15:24

Skrivekonkurranse

Min «rant»

  • «Send inn din rant» var oppgaven i Unge Meninger sin skrivekonkurranse.
  • Svarene strømmet inn, og Jennys bidrag ble en av finalistene!
  • Les vinnerbidraget her.
 Selma MorenFoto: Selma Moren
Jenny Askevold (16)

Å bli lege har vore draumen min sidan eg var 13 år. Å kunne hjelpe menneske, redde liv og gjere ein forskjell.

Då eg fortalde dette til læraren min i starten av ungdomsskulen, møtte ho meg med ein kommentar som forvirra meg.

«Lykke til, det er nesten umogeleg! For å bli lege i Noreg i dag treng du nesten 7 i snitt!», sa ho.

Sjølv om dette forvirra og provoserte meg, visste eg at eg skulle prøve. Prøve å skvise meg inn i den mikroskopiske brøkdelen av dei som blei aksepterte på medisin i Noreg, ved å jobbe så hardt eg kunne på skulen.

Fire år seinare sit eg med toppkarakterar frå første klasse, og kjempar meg gjennom realfaga i andre året på vidaregåande.

Men stemma til læraren min er framleis eit ekko i bakhovudet mitt: Dette er umogeleg.

Og for kva grunn?

 Frank May / NTBFoto: Frank May / NTB

Kva godt får regjeringa, skulane og mine framtidige pasientar av at eg stressar meg gjennom heile ungdomstida mi for eit tal?

Har eg ei hovudpine under ei spanskprøve, kan dette rive legedraumen frå hendene mine.

Og om eg så ender opp 6 i snitt frå vidaregåande, er eg framleis ikkje garantert plass. Det er ikkje godt nok for medisinstudia i Noreg.

Og for å bli god nok, må ein anten ta opp igjen fag, gå på folkehøgskule eller i militæret. Men då ryk du plutseleg opp i ordinær kvote, som låg på 69.2 på NTNU i 2023.

Sju i snitt for å bli lege?

Hva tenker du?Burde karakterer telle mindre enn de gjør i dag?aJabNeicUsikker

Etter årevis med beinhard lesing, hard disiplin og ei stressande, nesten kjedeleg ungdomstid - var ingenting verdt det?

Eg kan ikkje fortelje 13 år gamle meg at vi ikkje oppfylte draumen vår på grunn av eit avrunda desimaltal på eit papirark.

Legeforeininga viste i 2022 at kvar 24. innbyggar i Noreg ikkje har fastlege, altså 235 000 nordmenn. Noreg utdannar dryge 700 legar i året.

«Vi treng fleire legar», høyrer vi heile tida.

Men betyr alltid gode karakterar ein god lege?

Der Noreg utdannar 700 legar i året, slår Danmark oss med nesten dobbelt, nettopp grunna evna deira til å sjå bortanfor karakterar.

Fleire medisinstudie i Danmark legg opp til intervju og motivasjonsbrev som ein del av opptaksprosessen. Dei klarar å skilje gode karakter frå ein god person, og gir dei som hadde hovudpine på ei spanskprøve ein kjangs.

Og kven veit? Kanskje det er desse som ender opp med å bli dei beste legane?

Men det får vi i Noreg aldri vite.

Vi må spørje oss sjølve: kven ville eg at skulle tatt vare på bestefaren mi, mor mi eller kjærasten min når dei er på sitt mest sårbare? Er svaret ditt “Dei som fekk 6 i matte?”

Nei, ikkje mitt heller.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
Read Entire Article