Dei drap foreldra sine med hagle – no kan dei bli sloppe ut

2 hours ago 1


Brødrene Erik og Lyle Menendez drap foreldra sine ein sommardag i 1989. Dei døde etter å ha blitt skotne 13 gonger.

Etter fleire rundar i retten blei dei i 1996 dømde til livstid i fengsel utan å kunne bli lauslaten. Sidan har dei sona dommen.

No er dei blitt 53 og 56 år gamle. Måndag kveld startar høyringane der dommaren skal sjå på saka igjen.

Lyle og Erik Menendez

Saka har fått stor merksemd etter Netflix-serien og dokumentaren om Menendez-brødrene.

Foto: Nick Ut / AP

Grunnen til dette er at forsvararane meiner dei har nye bevis som styrkar forklaring til brødrene.

Sidan den andre rettssaka mot dei har brødrene argumentert for at dei handla i naudverje etter at faren skal ha utsett Erik Menendez for seksuelle overgrep og vald i årevis.

Aktor meinte derimot at drapa var økonomisk motiverte og at det ikkje var bevis på at overgrepa hadde skjedd.

Dei meinte at det var familiens formue som var motivasjonen til drapa.

Lotteri med rettssal-plass som premie

Dette er ein av dei mest kjende drapssakene i USA.

Brødrene vaks opp i Beverly Hills i Los Angeles. Saman med foreldra Kitty og Jose Menendez levde dei eit liv synonymt med den amerikanske draumen for mange.

Då dei skaut og drap begge foreldra sine på stovegolvet, fekk det stor merksemd.

True Crime Real Consequences

Dette var ein av dei første rettssakene som blei sendt direkte på TV.

Foto: Kevork Djansezian / AP

Brødrene ringde sjølv politiet etter hendinga. Umiddelbart etterforska politiet om dette hadde knytingar til mafiaen. Samstundes kjøpte brødrene Rolex-klokker og byrja med gambling.

Utbreidd festing og pengebruk førte til at brødrene fekk større og større merksemd.

Då ein av brødrene tilstod drapa til psykologen sin, varsla han styresmaktene.

Rettssakene mot dei var nokre av dei første rettssakene som blei direktesendt på TV. Pressedekninga av ho var massiv.

People look through a fence on November 23, 2024, outside the mansion where brothers Lyle and Erik Menendez murdered their parents in 1989 in Beverly Hills, California. The Menendez brothers, who were found guilty of first-degree murder in 1996 and sentenced to life in prison without parole, will make a virtual appearance in a hearing in a Los Angeles courtroom in November 25, 2024. (Photo by DAVID SWANSON / AFP)

Folk ser gjennom gjerdet til huset der drapa skjedde. Dette har blitt ein turistattraksjon i Los Angeles.

Foto: DAVID SWANSON / AFP

Det held fram også over 30 år seinare. Dei siste åra har det vore fornya interesse for historia om brødrene. Strøymetenesta Netflix har i år publisert både ein dramaserie og ein dokumentar om Menendez-brødrene.

Måndag skal bødrene delta i høyringa via videolenke, ifølge fleire medium.

Retten i Los Angeles har blitt premiert ut sitteplassar i rettssaka for dei skodelystne.

Nye bevis

Rettssystemet fungerer litt annleis i USA enn i Noreg. Forsvararane sende i 2023 ei oppmoding om såkalla habeas corpus. Dette er ei slags vurdering om nokon er fengsla på lovleg vis.

Det er dette som skal bli behandla måndag.

Den tidlegare statsadvokaten George Gascon kunngjorde i oktober at han heldt ved påstanden om at Menendez-brødrene utførte overlagde drap, men opna for ein påstand om livstid med moglegheit for kunne bli prøvelauslaten.

Han ville altså opne opp att saka mot brødrene.

Los Angeles County District Attorney George Gascon Announces His Decision On Resentencing The Menendez Brothers

Fleire av familiemedlemmane støtter dei to brødrene i saka. Mellom anna søstera til kitt Menendez har sagt ein så streng dom ikkje ville blitt gitt i dag.

Foto: APU GOMES / AFP

Sidan dei allereie har sona lenge og fordi dei var under 26 då dommen fall, kan eit slikt utfall bety umiddelbar fridom for brødrene.

Statsadvokaten sa då at dersom saka hadde blitt ført i dag hadde ein hatt djupare forståing av seksuelle overgrep, og at rettssaka derfor kunne blitt behandla annleis.

Kritikarane hans har derimot sagt at dette er eit politisk utspel som kom i innspurten av valkampen hans. Han tapte valet, og overtakaren har sagt at han vil sjå på saka.

Fleire utfall

Måndag skal det starte ei rettshøyring som skal bestå av to omgangar.

Ifølge Associated Press kan det vere fleire utfall etter høyringane: Umiddelbar fridom, vurdering av bevisets stilling. Men viss brødrene ikkje får medhald kan guvernøren i delstaten benåde dei.

I den fellande rettssaka mot dei hevda dei at dei var redd foreldra skulle drepe dei fordi dei var redde for at brødrene skulle avsløre overgrepa.

California Menendez Brothers

Begge brødrene har vore gift både ein og to gonger medan dei har vore fengsla. Desse bilda er tatt i 2024.

Foto: AP

Eit brev er eit av dei sentrale nye bevisa i saka. Erik Menendez skreiv dette til onkelen sin i 1988. Der skildra han seksuelle overgrep frå faren sin.

Roy Rosello, ein tidlegare popartist, har nyleg gått ut med at også han skal ha blitt valdtatt av Jose Menendez på 80-talet, etter å ha blitt dopa ned. Menendez var ein av sjefane i plateselskapet.

Etter at dommaren har sagt sitt om desse nye bevisa, skal det bli drøfta i ei nemnd for prøvelauslating.

Det er enda ein veg å gå før Menendez-brødrene kan potensielt få sleppe ut av fengsel, men kanskje har dei aldri vore nærare.

Publisert 25.11.2024, kl. 15.13

Read Entire Article