– Sommarhandelen er kjempeviktig for byen, seier dagleg leiar i Risør By AS, Mona Rhein.
I Risør utgjer sommarhandelen heile 24 prosent av årsomsetninga til butikkane.
Det kjem fram i nye tal frå NHO, som også viser at Agder er det einaste fylket i landet kor sommarhandelen er meir lønnsam enn julehandelen.
I heile Agder utgjer sommarhandelen 20 prosent av årsomsetninga til butikkane. Snittet for heile landet er på 17,7 prosent.
Andre fylke der sommarhandelen står for ein stor del av årets omsetning er Vestfold og Telemark, Nordland og Innlandet.
Nesten berre nisjebutikkar
Rhein i Risør By fortel at byen skil seg litt ut når det gjeld butikkar.
– Bortsett frå matbutikkar, er det berre éin kjedebutikk. Elles har vi berre heilt unike nisjebutikkar.
Det er blant anna eit galleri med kunsthandverk, ein smykkeverkstad og ein butikk med eigendesigna klede.
– Og vi har pop up-butikk kor fleire med eigenproduserte varer har gått saman, legg Rhein til.
Ho påpeikar at dette er varer som ikkje berre er populære om sommaren, og at det kjem folk frå andre stader for å handle gjennom heile året.
Bruker du mest penger på handel om sommeren eller før jul?
– Går så det suser
Sommarhandelen betyr meir for andre butikkar.
– Om sommaren går matbutikkane så det suser, og for somme av dei er nok det heilt avgjerande for at dei skal overleve heile året, seier Rhein.
Handelen begynner å auke allereie rundt påske, for da begynner folk å bruke hyttene sine.
Og skikkeleg oppsving i handelen blir det under dei tre store sommararrangementa i byen: Risør kammermusikkfest, Risør trebåtfestival og Villvin kunsthåndverksmarked.
– Det er nok Villvin kunsthåndverksmarked som genererer mest handel. Da kjem folk til byen for å handle, og lommeboka ligg øvst i veska, seier Rhein.
Arrangementa gir også store inntekter til restaurantar og overnattingsstader.
Byen har også mange besøkande båt- og bubilturistar som legg igjen pengar.
At sommarhandelen dankar ut julehandelen i Risør, meiner Rhein ikkje betyr at julehandelen er dårleg.
– Julehandelen utgjer jo også ein god del av årsomsetninga, men da speler vêr og vind ei større rolle. Når det er dårleg vêr er det nok mange som heller føretrekker å vere under tak på eit kjøpesenter enn i bygatene, seier Rhein.
Glad for heilårsby
I Grimstad er tala litt annleis.
Den er ein av fem kommunar i Agder som ikkje ligg over landsgjennomsnittet når det gjeld sommarhandel.
Mellombels dagleg leiar for Grimstad Min By og eigar av klesbutikken Odden Klær Tonje Pettersen, fortel at dei jobbar mykje for at Grimstad skal vere ein heilårsby.
Ho meiner det er positivt at sommarhandelen ikkje utgjer så stor del av årsomsetninga, fordi det betyr at ein har meir handel resten av året.
– Sommarhandelen kjem godt med, men vi er ikkje heilt avhengige av han, seier Pettersen.
Ho trur grunnen er eit veksande næringsliv og at Grimstad er ein studentby.
Unikt for Agder
– Det at sommarhandelen er så viktig i Agder, kjem av dei mange hyttefolka og turistane som blir trekte til fylket, seier regiondirektør for NHO Agder Høye Gerhard Høyesen.
Han seier sommarhandelen er viktigast for kystbyen Risør og innlandskommunen Bygland. Sommarhandelen i kroner og øre er størst i dei største byane Kristiansand og Arendal.
NHO Service og Handel forventar at nordmenn og turistar vil legge igjen 92 milliardar kroner i norske butikkar i løpet av sommarmånadene juli og august.
Det vil vere ein auke på 3 prosent frå i fjor.
Ifølge NHO kjem veksten¨av at fleire nordmenn vel Norgesferie på grunn av svekt krone og redusert kjøpekraft. Samtidig gjer den svake kronekursen Noreg til eit meir attraktivt land for utanlandske turistar.
Bransjedirektør for Handel i NHO Service og Handel Linda Vist, påpeikar at talet på selde varer vil vere tilnærma uendra.
Publisert 10.07.2024, kl. 16.34