Små problem med eksos frå diesel

3 months ago 42


DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Skip og dieselaggregat slepper ut dieseleksos. Eksosen kan påverke helsa til dei som arbeider i desse miljøa. (Illustrasjonsfoto: Øyvind Knoph Askeland / Offshore Norge)

 Dei aller fleste målingane av eksos ligg langt under grensa. Men forskjellane i petroleumsnæringa er store.

Dei tilsette i petroleumsnæringa blir eksponerte for eksos frå diesel. Eksosen kjem oftast frå dieselaggregat som er i bruk når det er driftsstans på plattformar. Han kjem òg frå skip som opererer rundt produksjonen.

Dieseleksos inneheld stoff som elementært karbon (EC) og nitrogendioksid (NO2). Stoffa kan føre til alvorlege helseproblem for dei som blir eksponerte over tid.

Det er til dømes funne samanhengar mellom eksponering for dieseleksos og førekomst av lungekreft. Dieseleksos kan òg gi luftvegsplager og hjarte- og karsjukdomar.

Kartlegg omfanget i næringa

I petroleumsnæringa i Noreg er det grenseverdiar for kva konsentrasjonar av desse stoffa som er lovlege i arbeidslufta.

I februar 2023 vart det innført ein grenseverdi for EC på 0,05 milligram per kubikkmeter over åtte timar. Grenseverdien for NO2 er 0,96 milligram per kubikkmeter.

Men det er lite kunnskap om kor mykje dieseleksos dei som arbeider i næringa, faktisk kan vere eksponerte for.

– Målet med rapporten er å belyse omfanget av dieseleksoseksponering i petroleumsnæringa. Det seier Vincent Simensen, som er overingeniør på STAMI og ein av forfattarane av rapporten.

Samanfattar kunnskapen

Denne nye rapporten er den andre delen av ei kunnskapsoppsummering. I del 1 av kunnskapsoppsummeringa samla STAMI og Havindustritilsynet inn informasjon om arbeidsvilkår og eksponering for dieseleksos i petroleumsnæringa.

Del 2 held fram med ein systematisk gjennomgang av EC-målingane som vart registrert i det nasjonale registeret for eksponeringsmålingar, EXPO, frå desember 2022 til desember 2023. Her er òg parallelle målingar av NO2.

Dataa er henta frå prøvetakingar hos ti operatørar og ni reiarlag.

Rapporten viser at det vart registrert nesten like mange EC-målingar i 2023 som i heile perioden frå 2014 til november 2022.

– Dette er ei positiv utvikling, men det er framleis flest stasjonære prøver som blir rapportert. Personborne målingar gir det beste grunnlaget for å vurdere personleg eksponering. Vi treng at delen av slike målingar aukar i framtida, seier Simensen.

Nivå under grenseverdien

Ei samla oversikt over alle EC- og NO2-målingane frå 2014 til desember 2023 viser at medianen for EC-målingane er rundt tre prosent av grenseverdien for eit tolvtimarsskift. Medianen for NO2-målingane er rundt fire prosent av grenseverdien.

Dette indikerer ifølge Simensen at nivåa generelt er låge, men det er betydelege variasjonar mellom målingane frå både operatørar og reiarlag.

STAMI rår verksemdene i petroleumsnæringa til å dokumentere eksponeringsnivå ved alle arbeidsoperasjonar der dieseleksoseksponering kan førekome. Det bør dei gjere som ein del av risikovurderinga si.

– Sterkare søkjelys på personlege eksponeringsmålingar og meir omfattande kartlegging kan bidra til å betre arbeidsmiljøet og redusere helsefarane knytt til dieseleksos, understrekar Simensen.

Referanse:

Vincent Simensen og Nils Petter Skaugset: Dieseleksoseksponering i petroleumsnæringen. - En kunnskapsoppsummering, del 2STAMI-rapport, 2024.

EXPO

Det nasjonale senteret for eksponeringsmålingar (EXPO) er ei gratis nettløysing som verksemder kan bruke for å registrere og lagre luftprøvene sine.

Les meir om EXPO her

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article