Rottene i New York skal få prevensjon i staden for gift

1 month ago 13


– Vi kan ikkje giftbehandle oss ut av dette, vi kan ikkje drepe oss ut av dette, sa Shaun Abreu i april.

Han er ein av dei i bystyret som sto bak framlegget om ein ny metode for å bli kvitt fleire av rottene i millionbyen.

Torsdag i førre veke vedtok bystyret i New York å prøve ut prevensjon i kampen mot rottene.

Spesielle behaldarar med prevensjonsmiddelet ContraPest skal innan 180 dagar plasserast ut to stader i byen i eit år. Kontrollørar skal kvar månad sjekke kor mykje av middelet som er eten.

 Manhattan skyline from Summit at One Vanderbilt Observatory in New York

New York har over 8 millionar innbyggarar. Og enda fleire millionar rotter.

Foto: Reuters

Hubro på rømmen fekk rottegift i magen

Omsynet til andre ville dyr var ein viktig grunn til framlegget om å gi rottene prevensjon.

I New York blei mange opprørte då hubroen Flaco, som hadde rømt frå Central Park Zoo i fjor, blei funnen død i februar i år. Hubroen døydde då han flaug inn i ein bygning i bydelen Upper West Side.

Obduksjonen viste at han hadde herpes han hadde fått av å ete duer. Men viktigare; han hadde fire ulike rottegifter i kroppen. Han var truleg svært sjuk då han flaug inn i bygninga, ifølge Central Park Zoo.

Cecilie Mejdell

Veterinær og seniorforskar Cecilie Mejdell på Veterinærinstituttet seier det er funnen rottegift i kattar, hundar og ville dyr og fuglar i Noreg.

Foto: Eivind Røhne

Veterinær og seniorforskar Cecilie Mejdell på Veterinærinstituttet er fagansvarleg for dyrevelferd. Ho stadfestar at rottegift er funnen i både hundar, kattar og ville dyr og fuglar også i Noreg.

– Difor er det bra om ein kan unngå å bruke gift for å overvinne rotter. Særleg humant er det heller ikkje. Gifta gjer rottene slappe og dei døyr sakte av indre blødingar. At dei blir sløve, gjer også at dei lettare blir tatt av rovdyr – som dermed også får gifta i seg, seier ho.

Rotter, korona

Rotter fanga i Chicago i USA.

Foto: Jose M. Osorio / Zuma Press

Hemmer eggstokkane

Prevensjonsmiddelet ContraPest er plantebasert og skal vere giftfritt. Det gjer at eggstokkane hos rottemor ikkje fungerer som dei skal. Hos rottefar blir sædproduksjonen mindre, ifølge produsenten Senestech.

Hos rotter, som får mange, store ungekull i året, kan dette dermed vere effektivt.

Men middelet varer ikkje evig, så rottene må jamleg få påfyll.

Utnemnde «rottegeneral»

Ordføraren i New York har erklært krig mot rottene og utpeikt ein egen «general» til å føre krigen. I førre veke vedtok bystyret å prøve ut rotteprevensjon i to område som er særleg plaga med rotter. Kva område det skal vere, er førebels ikkje kjend.

Eit tredje område skal vere «kontrollområde».

Prevensjon til rotter er prøvd i New York også tidlegare. Men det har ikkje fungert så godt. Ifølge Shaun Abreu var byen for lite uthaldande og åta for dårleg. Denne gongen håper han det skal gå betre.

– Åta er salt, søtt og inneheld mykje feitt, noko som verker tiltrekkande på rotter, seier han.

Rotte

Rotter blir vanlegvis overvinna med gift, eller klappfeller, som her. Men i New York skal dei no prøve prevensjon.

Foto: Espen Bierud / NRK

Søppelsekkar med rottemat

Søppelhandteringa er ei viktig forklaring på rotteproblemet i New York, ifølge National Public Radio.

I staden for søppeldunkar, er det vanleg med søppelsekkar som innimellom hopar seg opp på fortauet. Dette gjer det lett for rotter å få tak i mat.

På 1960- og 70-talet brukte New York søppeldunkar med lokk. Men fordi dei var av metall, blei det for mykje bråk av dei og søppelsekkane kom tilbake, ifølge radiostasjonen.

Men snart skal innbyggarane igjen bruke søppeldunkar. Frå 12. november skal dunkar på 200 liter eller mindre brukast i staden for lause sekkar i gatene, melder nyhetskanalen PIX11.

– Det aller viktigaste er å stoppe tilgangen på mat, seier Abreu.

Også i norske byar er det mange rotter, mellom anna i Bergen og Oslo.

Rotte

Foto: Rune Christoffer Holm / NRK

Mange rotter også i norske byar

– I sentrum er det stor tettleik av rotter, noko som og er synleg på overflata, særleg på kvelden og natta, skriv pressekontakt Hanne Sofie Fremstad i Bymiljøetaten i Oslo kommune.

Ho skriv at både kommunen og private gardeigarar prøver å overvinne rottene, men at dei er avhengige av at folk flest tar ansvar og ikkje kastar mat på bakken.

Ifølge Fremstad kjenner Bymiljøetaten til prevensjonsmiddelet som skal brukast i New York, men at det er for tidleg å svare på om dette er aktuelt å ta i bruk i Oslo.

– Interessant

Førebels er ikkje ContraPest godkjent i Noreg, opplyser Miljødirektoratet.

Men skadesjef Stein Norstein i skadedyrfirmaet Anticimex, synest det verkar interessant.

– Særleg i område som er vanskeleg å sikre mot rotter, for eksempel kloakksystemet. Det er meir humant enn gift og dersom det heller ikkje er skadeleg for andre dyr eller miljøet, så er det spennande, seier Norstein.

Publisert 01.10.2024, kl. 16.07

Read Entire Article