Då langtidsplanen for Forsvaret blei vedteke samrøystes av Stortinget i byrjinga av juni, blei det kalla historisk.
Dei neste 12 åra skal Noreg bruke 1635 milliardar kroner på forsvar for å møte dei tryggingspolitiske endringane vi har sett dei siste åra.
Pengane skal blant anna gi nye ubåtar, fregattar, helikopter og luftvern.
Men skal investeringane ha effekt, må det bli gjort meir effektivt, ifølge ein ny rapport frå Riksrevisjonen.
– I dagens tryggingspolitiske situasjon, der vi treng nytt forsvarsmateriell raskt, hastar det med å utbetre svakheitene vi peikar på i denne rapporten, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i ei pressemelding.
Publisert 20.06.2024, kl. 12.56 Oppdatert 20.06.2024, kl. 12.57