Denne veka sende Den internasjonale straffedomstolen (ICC) for første gong ut arrestordrar på ein alliert av USA og andre vestlege land.
Israels statsminister Benjamin Netanyahu og tidlegare forsvarsminister Yoav Gallant er tiltalte for krigsbrotsverk og brot på menneskerettane på Gazastripa.
I teorien betyr det at Netanyahu kan bli arrestert om han set sine føter i eitt av dei 124 landa som er med i ICC.
Tidlegare arrestordrar har i hovudsak vore på russiske og afrikanske statsleiarar. Dei har dei europeiske landa stilt seg bak, men denne gongen er reaksjonane delte.
- Tyskland kan ikkje gi eit svar på om dei vil arrestere Netanyahu, skulle han ta turen dit.
- Heller ikkje Storbritannia, Frankrike eller Tsjekkia kan gi eit tydeleg svar.
- Italias innanriksminister har sagt at dei vil arrestere Netanyahu om han kjem dit, men at han meiner ordren er ein feil frå ICC. Andre ministrar i regjeringa har sagt at Netanyahu vil bli ønskt varm velkomen til Italia.
- Ungarn har sagt at dei ikkje vil følge ordren. Statsminister Viktor Orbán vil heller invitere Netanyahu på besøk, sa han på fredag.
USA, som ikkje er med i ICC og er Israels viktigaste allierte, har avfeia tiltalane blankt. USA har tidlegare sanksjonert ICC for etterforskingar dei var ueinige i.
Hamas-leiar Mohammed Deif er også tiltalt for krigs- og menneskerettsbrot mot israelarar, men det er uvisst om han er i live.
– Står i vegen for fred
Yossi Mekelberg er professor i internasjonale relasjonar, seniorforskar ved Chatham House, og spaltist i Arab News.
Han trur arrestordren frå ICC fører med seg meir vondt enn godt, og ikkje fordi han tviler på grunnlaget for tiltalen.
– Det viktigaste bør vere å få slutt på drepinga, få heim gislane, bygge opp Gaza igjen, og så ta det til retten, seier han.
At ordren splittar verdssamfunnet slik han gjer, meiner han står i vegen for at dette skjer så raskt som mogleg.
– Står vi no betre stilt for å stoppe drepinga eller ikkje? Det eg er redd for, er at svaret er nei, seier han.
I staden trur han den israelske statsministeren står litt betre stilt, og at han og hans allierte vil prøve å undergrave ICC og leggje meir press på aktoratet.
– Netanyahu blomstrar under slike splittingar.
«Oss mot verda»
ICC-tiltalen er nok likevel ikkje den rettsprosessen Netanyahu er mest opptatt av for tida, trur Mekelberg.
I starten av desember skal Netanyahu etter planen vitne i korrupsjonssaka mot seg. Paradoksalt nok kan arrestordren hjelpe han i den.
Mange israelarar kjenner på at verda er imot dei. Då rundt 1200 menneske blei drepne i Hamas sitt terrorangrep 7. oktober, reagerte verda med avsky og støtte til israelarane.
Men det gjekk ikkje lang tid før den unisone støtta brast. Krigen som Israel lanserte mot Gazastripa som svar, har tatt livet av meir enn 40.000 palestinarar på litt over 13 månadar og lagt området i ruinar.
– Mange israelarar ser på alt Israel gjer i Gaza som legitimt, fordi såra frå 7. oktober er så djupe. Netanyahu kan utnytte arrestordren til å male eit bilete av at det er heile Israel som blir strafferettsleg forfølgt no, seier han.
Netanyahu sjølv har kalla ICC-tiltalen antisemittisk.
Mekelberg trekk fram at menneskerettsbrot blir gjort av mange, mange plassar i verda, utan at ICC sender ut arrestordrar. Mange israelarar opplever at Israel blir behandla ulikt.
– Netanyahu er veldig god på å utnytte ideen om «oss mot verda». Det er ein reell risiko for at høgresida i Israel blir konsolidert no, trur han.
Kan endre folkeretten
Jo Stigen er jussprofessor ved Universitetet i Oslo, og ekspert på folkeretten.
Han vel å stole på hovudanklagar Karim Khan i hans vurdering av timinga for arrestordren.
– Når han ber om ein arrestordre, har han vurdert kva verknad ein slik ordre faktisk vil ha. Det handlar om det vil vere hensiktsmessig å utstede han, og timing er ein faktor der. Det er eit veldig vanskeleg spørsmål, seier han.
– Eg ser at ein kan argumentere for at ordren kom for tidleg, men ein kan også argumentere for andre vegen. Det er så alvorlege brotsverk som faktisk skjer no, så om ICC kan bidra til å dempe det som skjer i Gaza, vil det vere eit viktig poeng, utdjupar Stigen.
Det at landa som er medlem av ICC no er så splitta på om dei vil følge arrestordren, viser at dette også er politisk, meiner han.
– Frå no av det nok meir politikk enn juss som driv prosessen framover.
Mange har meint at leiarar av statar som ikkje er med i ICC, som til dømes Netanyahu, er i utgangspunktet immune mot utlevering til Haag.
Men dette kan endre seg med denne ordren, fordi fleire land no tar stilling til om dei vil arrestere Netanyahu eller ikkje.
– Slik sett er det ei spennande tid. Statar sine meiningar er med på å forme folkeretten, som faktisk ikkje er skriven i stein, seier han.
Publisert 24.11.2024, kl. 21.18