Blir ikkje kvitt klima­verstingane før i 2029: – Regjeringa har abdisert

2 hours ago 4


– Det er blitt ein miljøpolitisk skandale, seier Marthe Hammer, gruppeleiar i SV Vestland og stortingsrepresentant for Hordaland.

Det er ei brei semje om at ein kollektivtransporten skal bli grøn, men når alt kjem til stykke strekk ikkje pengane til.

Difor har eit stort fleirtal av samferdselspolitikarane i Vestland røysta for å utsette overgangen til utsleppsfrie hurtigbåtar til tidlegast 2029.

Måndag (25. november) blir det avgjort i fylkesutvalet.

Vestland lyste ut ein anbod allereie i 2023 med å få nullutsleppsfrie hurtigbåtar på dei lange rutene mellom Bergen og Nordfjord og Berg og Sogn.

Fylket skulle vere tidleg ute før kravet kom 1. januar 2025.

Men overgangen er kostbar. Meirkostnaden for elektriske hurtigbåtar er på 1,5 milliardar kroner.

Ein prislapp også Nordland og Møre og Romsdal slit med å finansiere på eiga hand.

  • Flying Foil

    I presentasjonen står det: Flying foil med partnerne Brødrene Aa, NTNU og Westcon utvikler et av verdens mest avanserte foildesign for å kutte energiforbruket og bedre stabiliteten til hurtigbåtene.

  • Illustrasjon - hurtigbåt, Selfa m.fl.

    I presentasjonen står det: Selfa med sine partnere Norled, Servogear, Hyon og LMG Marin vil revolusjonere hurtigbåtmarkedet og tenker helt nytt på alle punkter. Helt nytt skrog, nye foiler, lavt energiforbruk og en ny reiseopplevelse er stikkord.

  • Brødrene Aa

    I presentasjonen står det: Brødrene Aa med partnerne Westcon og Boreal forsøker, med utgangspunkt i det beste innen katamaranskrog, å gjøre konvensjonelle hurtigbåter utslippsfrie.

  • Transportutvikling

    I presentasjonen står det: Transportutvikling med Siv.ing. Ola Lilloe-Olsen, Stadt Towing tank, Profjord, Siemens og FosenNamsos Sjø på laget ser på mulighetene når konvensjonelt drivstoff byttes ut med nye energibærere.

  • Rødne

    I presentasjonen står det: Med sine partnere Fjellstrand, Bleie Consult og Echandia Marine, vil Rødne skape et konsept som er like enkelt som det er genial. Skulle de lykkes vil de potensielt ha skapt en teknologi som gjør at man må tenke helt nytt.

– Regjeringa har abdisert

Meirkostnaden ville ikkje staten vere med å spleise på, difor måtte Vestland trekke anbodet.

– Økonomien er der ikkje. Det er eit samband der det er vanskeleg per no å vareta både klimaomsyn og økonomi, det seier Arve Helle (Ap).

Han er skuffa over at staten ikkje bidreg til det grøne skiftet. Ikkje berre har regjeringa valt å snøre igjen pengesekken, i statsbudsjettet for 2025 har dei utsett kravet om elektriske hurtigbåtar i overskodeleg framtid.

– Eg er svært skuffa. Det ser ut som at regjeringa dessverre har abdisert på både maritim industri og klimagasskutt. Og det er jo svært alvorleg, seier Hammer i SV.

Regjeringa fekk kritikk frå fleire hald då dei fjerna kravet til utsleppsfrie hurtigbåtar:

  • Portrettbilde av Cathrine Gjertsen, kommunikasjonssjef i Norled.

    Ukjent

    Cathrine Gjertsen, Norled

    Noreg har kompetansen og teknologien til å bygge nye fartøy og bygge om fartøy til låg- og nullutslepp. Derfor er det svært overraskande at regjeringa no droppar kravet om lågutslepp for hurtigbåtar.

  • Fredrik Witte

    silje katrine robinson / Corvus Energy

    Fredrik Witte, administrerande direktør i Corvus Energy

    Vi er skuffa over at regjeringa enda ein gong snur i klimapolitikken utan god grunn. Norsk teknologi er klar, men utan klimapolitikk stoppar utviklinga, og Noreg sakkar akterut. Regjeringa må handle nå for å sikre oppskalering og bevare Noregs posisjon innan grøn skipsfart, om ho ikkje allereie er tapt.

  • Ada Jakobsen, administrerande direktør i Maritime Cleantech

    Eli Bjelland

    Ada Jakobsen, direktør i Maritime Cleantech

    Fleire teknologiar er klare for bruk. Nullutsleppskravet som var varsla skulle gi nødvendig fart på marknaden. Utan kravet mistar vi konkurransekraft og eksportmoglegheiter, og vi får ikkje kutta utsleppa som trengst. Dei som har satsa blir taparane. Det er verken god klima- eller industripolitikk.

  • Kirsten Øystese, Norsk klimastifting

    Eivind Senneset

    Kirsten Øystese, Norsk klimastifting

    I 2021 vedtok Stortinget at utsleppa frå sjøfart og fiske skal halverast innan 2030. Dette målet er vi ikkje i nærleiken av å nå. Noregs klimagassutslepp frå sjøfart og fiske auka frå 3,2 millionar tonn i 2005 til 3,8 millionar tonn i 2022. Regjeringa burde derfor lagt fram forsterka politikk for raskare grønt skifte til sjøs. I staden gjer dei det motsette. Det er skuffande og overraskande.

  • Elise Caspersen

    NRK

    Elise Caspersen, Zero

    Omstilling av ferjer har vore ei norsk suksesshistorie, som fylkeskommunar og næringsliv er klare for å ta vidare til nye samband. Dessverre trykker regjeringa på bremsen, heller enn gassen. Kravet til ferjer burde hatt færre unntaksmoglegheiter, og det må komme eit krav til hurtigbåtar. Så får ein heller, i ein overgangsperiode, diskutere unntak for dei mest krevjande hurtigbåtsambanda.

  • Hege Økland, administrerande direktør i NCE Maritime CleanTech

    NCE Maritime CleanTech / Marius Knutsen

    Hege Økland, dagleg leiar i Hy2gen

    Vi høyrer stadig at det er vanskeleg å stille krav til nullutslepp fordi hydrogen eller ammoniakk ikkje er tilgjengeleg. Dette blir ein sjølvoppfyllande profeti når regjeringa ikkje vil stå ved politiske målsettingar. Vi står klare til å levera utsleppsfritt drivstoff når etterspørselen er der. Denne marknaden kjem om regjeringa stiller krav til nullutslepp i offentlege innkjøp.

  • Fride Solbakken

    NRK

    Fride Solbakken, konstituert leiar i Maritimt Forum

    Krav om nullutslepp av klimagassar på ferjer og hurtigbåtar vil vere eit viktig steg på vegen for å få fortgang i det grøne skiftet. Vi meiner at i dei tilfella der det er for krevjande med nullutslepp – både teknologisk og økonomisk, kan ein gi unntak for krava om nullutslepp, men likevel stille krav om hybridløysingar eller andre metodar for å redusere utsleppa mest mogleg.

  • Marthe Hammer, SV

    Tale Hauso

    Marthe Hammer, SV

    Hurtigbåten får fortsette å vere ein klimaversting i mange år framover, takka vere treneringa, utsettinga og manglande viljen til regjeringa til å bidra til å omstillinga til kysten og at Noreg kuttar eigne utslepp. Dei siste fem åra har nullutsleppsrevolusjonen til sjøs stoppa fullstendig opp, og med det titusentalets (mest sannsynleg 100 000 tals) tonn manglande CO2-kutt.

  • Andr Høyset

    Fredrik Johan Helland

    André Høyset, driftsdirektør i Fjord1 AS

    Det er svært uheldig at krav om nullutslepp i hurtigbåtkontraktar blir fjerna. Det har vore signalisert over fleire år at kravet vil komme i 2025, og næringa har førebudd seg på det, og er klar. Fleire null- og lågutsleppskontraktar er inngått, og vil bli leverte i løpet av 2025. Det er altså ei godt førebudd næring som er klar til å signifikant redusere klimautsleppa.

  • Tor Øyvin Aa

    Arne Stubhaug / NRK

    Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa

    Problemet er dei lange rutene, som Bergen – Selje, Bergen – Flåm og NEX-rutene i Norland. På desse rutene kan det stillast krav om gradvis reduksjon til nullutslepp ved at ein startar med ei hybridisering, med batteri og MGO, inntil teknologien er tilgjengeleg. Det er fullt mogleg å gå Bergen – Selje i 32 knop på batteri, men det krev store fartøy og store batteripakkar som blir altfor kostbart.

  • Michal Forland

    NRK

    Michal Forland, direktør i Bergen hamn

    Nullutslepp for hurtigbåtar er innan rekkevidde teknologisk, og vil vere avgjerande for å redusere utsleppa i fjordane våre. Bergen hamn er klar til å opprette den infrastrukturen som er nødvendig på landssida for å få gjennomført omstillinga innanfor hurtigbåtnæringa, men her har også prosessen vår delvis stansa opp grunna avlysing og uklarleik rundt oppstart av dei nye anbodskrava.

  •  Bent Martini, administrerande direktør

    Agnieszka Iwanska / Agnieszka Iwanska / NRK

    Bent Martini, administrerande direktør i Havila Kystruten

    Regjeringa har tidlegare uttalt at dei ønsker å ta leiarskap for miljøet. I praksis viser dei ingen vilje eller evne til å levere på dette. Vi er eit lite selskap som har investert store midlar for å møte varsla krav, men endar opp med å bli straffa. Eit samla Storting har stått bak ambisjonane, og det er skuffande at regjeringa ikkje bruker den samla krafta for å sette strengare miljøkrav.

  • Magnus S. Eide

    NRK

    Magnus S. Eide, leiar av Grønt Skipsfartsprogram

    Budsjettforslaget frå regjeringa er svært skuffande. Krav til hurtigbåtar må nå komme på plass. Det same må dei lova krava til offshoreskip. Næringa er klar til å levere – men treng føreseielegheit! Når det heller ikkje er substansiell framdrift knytt til forhandlingane om klimapartnarskapsavtale kan det verke som regjeringa har gitt opp målet om å halvere utsleppet frå skipsfarten innan 2030.

  • Sofie Marhaug frå Rødt står på talarstolen på Stortinget

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Sofie Marhaug, Raudt

    Staten må ta meir av rekninga, og ikkje sende henne til fylka, som per i dag ikkje er rusta for denne ekstrakostnaden. Kombinasjonen av urealistiske målsettingar og for få midlar til gjennomføring er giftig for klimapolitikken.

  • Arild Hermstad

    NRK

    Arild Hermstad, MDG

    Utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar er nødvendig for å sikre norske kystsamfunn framtidsretta og trygg transport. For mange fylke er fossile utslepp frå ferjer og hurtigbåtar ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp. Fleire fylke har vore klare i fleire år til å starte omlegginga, men på grunn av brotne løfte frå Hurdalsplattforma er vi sett fleire år tilbake.

  • SV-politikar

    NRK

    Lars Haltbrekken, SV

    Regjeringa sviktar i klimapolitikken rund baut. Dei kan ikkje ha fått med seg den alvorlege situasjonen verda står i.

  • Anja Bakken Riise

    Jorunn Hatling / NRK

    Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender

    Dette er nok eit løftebrot frå regjeringa. Det nasjonale klimamålet er jo regjeringa sitt eige mål – og ferjeløftet kunne hjelpt dei med å faktisk nå det målet. I staden for å gjennomføre kjente klimagrep, vel dei å kjøpe kvotar i staden. Det ser ut som kvotekjøp faktisk er plan A, ikkje plan B.

  • Bjørn K. Haugland

    Ukjent

    Bjørn K. Haugland, direktør i Skift

    Når politikarane ikkje held ord, er det svært uheldig for verksemdene som har gått føre og investerte i nullutsleppsløysingar, og som deretter blir ståande utan konkurransefordelane, når krava sviktar. Det er skuffande at dette skjer igjen med hurtigbåtane. Vi treng politikarar som tar klimaomstillinga på alvor og står ved løfta sine slik at politikk, forsking og næringsliv går i same retning.

  •  Pia Farstad von Hall.

    NRK

    Pia Farstad von Hall, dagleg leiar i Biogass Noreg

    Det er synd at ikkje fleire hurtigbåtar går på biogass. Det er ingen tekniske barrierar, båtane finst tilgjengelege i marknaden. Hurtigbåtar på biogass burde vere eit naturleg val i dagens marknad. Her er vi einige i at det står på viljen. Regjeringa må ta grep, og derfor trengst det eit biogassprogram for industrielle anlegg i Bionova for å auke produksjonen og med det auka klimakutt.

  • Wilhelm Kiil Rød

    St1 Norway

    Wilhelm Kiil Rød, samfunnskontakt i St1 Noreg

    Politisk vingling gjer det vanskeleg å investere i energiomstillinga. Men det er ein konsekvens av måten vi fører klimapolitikk på. Vi har valt oss nokre «nullutsleppsløysingar» – det vi politisk har definert som nullutslepp – og prøver å dytte desse inn i utvalde sektorar. La aktørar langs heile verdikjeda konkurrere om å levere dei mest konkurransedyktige utsleppskutta, på elles like vilkår.

Regjeringa seier dei har løyva 240 millionar kroner til Hurtigbåtprogrammet i 2025.

– Vi bremsar ikkje, men vi må vere realistiske. Det er store kostnadsforskjellar og enkelte av strekningane er svært kostbare. Det kan vi ikkje pålegge alle fylkeskommunar å gjere no. Krav om nullutslepp er framleis målet og vil vere meir realistisk på sikt, seier statssekretær Sigrun Gjerløw Aasland i Klima- og miljødepartementet.

Les heile svaret til Klima- og miljødepartementet i boksen under:

Utsett til 2029

I Vestland planlegg dei no gå med fossile hurtigbåtar i fleire år til. Først i 2029 kan ein sjå elektriske ekspressbåtar i Sognefjorden.

Samstundes som Vestland fylke ser ut til å utsette miljøsatsinga, leverer båtbyggeriet Brødrene Aa den første av tre hurtiggåande katamaranar med batteriteknologi.

Skipet treng «noko diesel» i energimiksen (ca. 25 %), og skal gå i rute mellom Kristiansund og Trondheim.

Brødrene Aa meiner det er mogleg å gjennomføre kravet om nullutslepp på kortare ruter allereie i dag.

– Teknologien er tilgjengeleg og utsleppa kan fjernast utan at det kostar fylkeskommunane noko ekstra, seier administrerande direktør i selskapet, Tor Øyvin Aa.

Dei 200 hurtigbåtane som er i drift i Noreg i dag, forureinar ni gongar meir enn personbilar og fire gongar meir enn fly per transportkilometer.

SV meiner ein hadde klart overgangen allereie no.

– Det er mange tiltak innan klimaområdet som vi veit er svært krevjande og vanskeleg. Men det her, det å få nullutslepp til sjøs, det er kanskje noko av det enklaste og mest lågthengande fruktene vi kunne ha tatt, seier Marthe Hammer.

Publisert 24.11.2024, kl. 22.05

Read Entire Article