Professoren si dystre konklusjon: – Fotballen har svikta spelarane

4 months ago 41


– Eg trur det er ein augeblink du aldri kan klare å trene heilt på. Det er så ekstremt, seier Christian Borchgrevink til NRK.

I fjor haust bomma han på Vålerenga sitt siste straffespark i straffesparkkonkurransen mot Kristiansund. På heimebane rykka storklubben ned til 1. divisjon, etter å ha gitt frå seg ei 2-0-leiing frå første kamp.

– Du går opp der og veit at du må skåre. Du prøver eigentleg å fjerne situasjonen, prøve å isolere deg sjølv med ballen og gjere det så enkelt som mogleg, men eg trur nok i etterkant at eg blei tatt litt av presset, seier han.

Han forklarar kjenslene i etterkant slik:

– Då rasa jo alt saman. Det var eit eller anna botnpunkt eg ikkje har vore borti så mange gonger tidlegare. Du får berre prikking i heile kroppen. Det kjendest berre tomt, alt saman, seier Borchgrevink.

Bomma i Norway Cup: – Sommaren eg knuste draumen til vennane mine

To gonger har Geir Jordet tatt eit straffespark i ein fotballkamp. Som 15-åring skåra han i ein testkamp for å komme på kretslaget. Nervøst sikta han på det høgre hjørnet. Ballen gjekk i mål – men i det venstre hjørnet.

To år seinare enda laget hans i ein straffesparkkonkurranse i Norway Cup. Jordet bomma. Laget tapte, og sidan har han aldri tatt eit straffespark.

– For meg er det framleis sommaren kor eg knuste draumen til lagkameratane og vennane mine. For det er slik kjennast å bomme på eit straffespark i ein straffesparkkonkurranse.

Geir Jordet

PROFESSOR: Geir Jordet har forska på straffespark i fleire år.

Foto: Norges idrettshøgskole

Det skriv Jordet i boka «Pressure: Lessons from the psychology of the penalty shootout», som blei gitt ut i slutten av mai. Jordet, som er professor i psykologi og fotball ved Norges idrettshøgskole, har forska på straffespark i årevis og tar for seg mykje av det i boka.

I arbeidet med boka kom han fram til følgande konklusjon:

– Det er veldig, veldig klart for meg at me i fotballen har svikta spelarane våre når det gjeld straffesparkkonkurransar. Det er først dei siste fire-fem-seks åra at me har systematisk førebudd spelarane våre på dette her frå eit psykologisk perspektiv, seier han.

– Har gjort litt vondt å finne ut av

Straffesparkkonkurransen blei først introdusert i 1970. I 1976 fekk ein for første gong sjå ei større turnering avgjort med ein straffesparkkonkurranse, då Antonín Panenka sette inn den avgjerande straffa i EM-finalen mellom Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland.

Sjå Panenkas sigersstraffe i fotball-EM 1976 vel eit minutt ut i klippet. Tyske Uli Hoeness bomma på straffa i forkant av Panenka, som gjorde at Tsjekkoslovakia vann 5–3 i straffesparkkonkurransen.

Teknikken hans med ein liten chip mot midten av målet har blitt udødeleggjord. Og ei rekke finalar har blitt avgjorde på straffespark sidan.

Som VM-finalen i 1994, kor Roberto Baggio skaut høgt over og gjorde at Brasil vann VM-gull. Eller EM-finalen i 2021, kor Italia vann etter at Bukayo Saka bomma på det avgjerande straffesparket.

– Ein har alltid trena på straffespark og snakka om du skal skyte til venstre eller høgre. Men det å førebu spelarane på dette ekstreme stresset, har ein ikkje gjort, seier Jordet.

Roberto Baggio

BOM: Roberto Baggio bomma i straffesparkkonkurransen i VM-finalen i 1994. I bakgrunnen fortviler lagkameratane.

Foto: LUCA BRUNO / Ap

Han held fram:

– Det me i praksis då har gjort, det er at me har sendt spelarane inn i hòla til løva. Utan trening, utan førebuing, utan støtte. Utan teknikkar, utan strategiar. Utan hjelp til å handtere det som kanskje er den største stressituasjonen som finst i sport, seier professoren.

– Og det har gjort litt vondt å finne ut av, samanfattar han.

Bukayo Saka straffesparkkonkurranse

KONTRASTAR: Mens Italia jubla for EM-gull, rusla Bukayo Saka slukøyra bort frå straffemerket.

Foto: AP

Prega av konservative tankar

Jordet er tydeleg på at det har blitt tatt grep dei siste åra, kor fleire lag har starta å gjere grep for å førebu seg for straffar og straffesparkkonkurransar. Framleis er det mange som ligg langt bak, meiner Jordet.

Ifølge professoren er det framleis få som simulerer ein straffesparkkonkurranse på øvste nivå.

– Me veit at det å trene med litt angst har positiv effekt på det å prestere med høg angst. Det er ikkje noko unnskyldning at ein straffesparkkonkurranse i sin heilskap ikkje kan simulerast 100 prosent, for det er heller ikkje nødvendig, seier han.

Professoren meiner ein del av forklaringa ligg i at det er mykje konservative tankar rundt fotballen.

– Me er ganske opptatte av måten me tradisjonelt trenar på. Det gjer jo at det framleis sit litt langt inne for mange å ta tak i nye måtar å førebu dette på, meiner Jordet.

– Du skal vere litt stygg mot motstandaren

For Borchgrevink kom det ein straff-revansj då han skåra det avgjerande straffesparket heime mot HamKam i cupen tidlegare i år.

Vålerenga-backen Borchgrevink seier dei som lag trenar lite på straffespark i kvardagen, men at han no har lært at han skal ta nokre ekstra straffespark før cupkampar.

Som ein del av aldersbestemte landslag har han også vore med på føredrag med Jordet tidlegare, kor dei vidare hadde ein treningskamp med straffesparkkonkurranse for å trene inn mot meisterskap.

– Då var det å prøve å vinne dei små prosentane heile vegen. Du skal vere litt stygg mot motstandaren og prøve det i eit psykologisk spel. Så må du prøve å ta eigarskapen i situasjonen på eiga hand, seier han.

Borchgrevink HamKam

LYSTIGARE LAG: Borchgrevink leidde an i feiringa med Vålerenga-fansen etter at han skåra på det avgjerande straffesparket mot HamKam i cupen tidlegare i år.

Foto: NTB

– Eg trur om det er straffespark og eigentleg alle andre delar av fotball, så er ein tent med å ha vore gjennom situasjonar før. Så klart at ein kan trene meir på det, samanfattar Borchgrevink.

Og sjølv om Jordet meiner at fotballen har svikta spelarane, så er han tydeleg på at han ikkje vil ha ein fotball utan straffesparkkonkurransar.

– Straffesparkkonkurransen er på ein måte essensen av konkurransen. Det blir ikkje meir intenst enn det. Det er også eit fantastisk vakkert spel. Men du må tilnærme deg det på spelet sine eigne premiss. Dei premissa handlar ikkje berre om skotmekanikk eller skotstoppeteknikk. Det handlar om å handtere stress.

Fram til EM-finalen 14. juli er det gode sjansar for nettopp straffesparkkonkurransar.

Publisert 01.07.2024, kl. 13.05

Read Entire Article