Ola (24) kom ut av skapet – nå har han gitt opp barndomsdraumen

4 months ago 34


– Eg var nok litt naiv. Eg tenkte ikkje på at det skulle avgrense meg så mykje, eller bli ei så stor greie, fortel Lillelien openhjarta.

I april 2022 bestemmer handballspelaren seg. På ein enkel og effektiv måte fortel han heile verda via eit instagraminnlegg at han mest sannsynleg kjem til å ende opp med ein mannleg kjærast.

Ola Hoftun Lillelien

INSTAGRAM INNLEGG: Med dette innlegget kom Ola Lillelien ut av skapet med eit brak i april 2022.

Foto: Skjermdump / Instagram

Det blir stor oppstandelse. Noreg får sin første opne mannlege homofile toppidrettsutøvar. Meldingane renn inn, men merksemda har si bakside.

– Eg har lukka veldig mange dører med å vere open. Barndomsdraumen om å bli profesjonell handballspelar i utlandet, har eg skrinlagt. Å spele i for eksempel Ungarn eller Polen vil eg aldri kunne oppleve, fordi da set eg meg sjølv i fare, meiner Lillelien.

Klaveness åtvarar

Laurdag blir pride feira i Oslo sentrum, og det er venta fleire hundre tusen deltakarar i paraden.

I samband med dette blei det denne veka arrangert ein regnbogefarga inkluderingskonferanse for idretten der blant anna fotballpresident Lise Klaveness deltok.

Lise Klaveness

FOTBALLPRESIDENT: Lise Klaveness med dystre spådommar på regnbogekonferansen.

Foto: Tonni Kristiansen / Norges fotballforbund

I eit innlegg kunne ho fortelje at ho ikkje ser for seg at det blir noko rush av norske mannlege toppidrettsutøvarar som står frami tida som kjem.

– Utviklinga av LHGTBQ-rettar går dessverre feil veg i Europa. Spelarar står i fare for å hemme sin eigen karriere og missa si kommersielle interesse ved å stå fram, sa fotballpresidenten til dei frammøtte.

Det er eit syn initiativtakaren bak konferansen Kristian Stakset-Gundersen deler.

– Det er jo ei kjent problemstilling og det er enda eit faktum som bidrar til at mange potensielle opne mannlege forbilde der ute, vel å bli verande i skapet.

Kristian Stakset-Gundersen

ELDSJEL: Leiar for Skeiv idrettskompetanse, Kristian Nikolai Stakset-Gundersen

Foto: Tonni Kristiansen / Norges fotballforbund

Stakset-Gundersen har jobba med skeiv idrettspolitikk i over 20 år. Han saknar fleire forbilde som Lillelien, men skjønner godt at ikkje fleire står fram.

– Ein ting er at karrieren kan ta skade av det, ei anna viktig side er at forbunda heller ikkje legg godt nok til rette for at det skal komme fleire etter. Idretten må lage ein handlingsplan for korleis dei skal ta imot opne toppidrettsutøvarar, og han må alle vere kjente med før dei kjem ut, meiner Stakset Gundersen.

Det er Lillelien einig i.

Han har fått fleire tusen meldingar, og synest det er vanskeleg å skulle bere ansvaret med å svare på alle dei personlege historiene som blir delte med han.

– Eg har stått ekstremt aleine i det. Det er skummelt å skulle gi råd på kostnad av eigne erfaringar og meiningar fordi det er aldri noko fasitsvar på noko som helst.

Ola Lillelien

PÅ REGNBUEKONFERANSE: Ola Lillelien fortalde om erfaringane sine som open mannleg toppidrettsutøvar.

Foto: Tonni Kristiansen / Norges fotballforbund

– Mykje hatefulle kommentarar

I Drammen handballklubb har Ola Lillelien lagt bak seg sin beste sesong. Med 99 spelemål i eliteserien og som medlem i kapteinsteamet, nyt han stor respekt i spelargruppa. Han har slått seg til ro med at det blir ein karriere i Noreg.

– Eg har fått eit anna perspektiv på kva som er viktig i livet. Handball er framleis ein stor del av meg, men viss eg ikkje kan gjere det utan å vere meg sjølv, så blir det vanskeleg, fortel Lillelien.

Framleis er han ein einsleg regnbogefarga mannleg svale i toppidretten i Noreg. Han håpar at fleire vil komme etter, men kjem samtidig med ei åtvaring.

– Alle seier det vil gå bra, realiteten er likevel at det er det kjem til å gå. Men du må vere førebudd på å miste moglegheiter, du kjem til å oppleve mykje hatefulle kommentarar og ytringar. Det er drittøft å vere annleis i det samfunnet vi har nå.

Se høydepunktene fra kampen 03:38

Publisert 29.06.2024, kl. 11.45

Read Entire Article