Ei NRK-telling viser at det går mot eit overveldande fleirtal for å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker. Tellinga viser eit knappare fleirtal for same grense for fostertalreduksjon.
– Eg har ikkje fintalt på dette, men eg vil tru at det blir eit anna stemmetal og at det kan bli litt færre ja, seier Senterpartiets Alexander Heen.
Det trur også Sandra Bruflot i Høgre, som har leia Stortinget sitt arbeid med abortsaka.
– Eg vil tru at fleirtalet blir litt mindre for fostertalreduksjon, seier ho.
Både Bruflot og Heen kjem til å stemme for begge forslaga, når det skal skal voterast i abortsaka i Stortinget 3. desember.
– Vanskeleg
Tvillingmor Kirsti Mjelstad seier ho alltid har vore for fri abort for kvinner og kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp, men synest dette er vanskeleg.
– Eg er veldig delt på det. Eg veit ikkje heilt kva eg skal meine. På den eine sida så er det vel ei teknologisk vidareutvikling av fri abort som eg er for. På den andre sida så klarer ikkje eg å sjå for meg å dele tvillingar som har eit så spesielt band seg imellom.
Ei anna tvillingmor, Fiona Lucy Hilton er av ei anna oppfatning.
– Det skal vere same lov for fostertalreduksjon. Det er krevjande å ha tvillingar. Det må vere opp til kvar enkelt kvinne, i samråd med familien og legen hennar. Tvillingar har eit kjempespesielt band , og det er nydeleg å sjå tvillingar saman. Men det er jo fordi vi har vore saman sidan dei blei fødde, ikkje fordi dei var saman i mors mage.
Full sal
Seher Aydar i Raudt har bede om at alle dei 169 representantane i Stortinget skal vere til stades under voteringa.
– Vi gjer det fordi vi står nå ved eit historisk tidsskilje der vi kan sikre fleirtal for meir sjølvråderett for kvinner, og den moglegheita vil vi gripe, seier ho til NRK.
Aydar minner om at dagens abortlov blei vedtatt for nesten 50 år sidan med éi stemmes overvekt.
Først nyleg har det vore klart korleis alle partia på Stortinget vil forhalde seg til forslaget til ny abortlov.
Allereie i august kunne NRK fortelje at det var fleirtal for å utvide abortgrensa. Men kor stort fleirtalet blir, blir ikkje klart før etter sjølve voteringa.
Årsaka er at Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet er splitta i spørsmålet og lèt sine representantane stemme fritt, altså etter eiga overtyding.
Situasjonen er at heile Raudt, SV, Arbeidarpartiet, MDG og Venstre kjem til stemme for forslaget frå regjeringa. Samla har dei fem partia 80 representantar.
Samtidig vil truleg nær halvparten av Senterpartiets gruppe på 28 stemme for forslaget frå regjeringa og mot si eiga partileiing, viser NRK sitt anslag.
Partileiinga har teke dissens i saka og går dermed mot forslaget frå helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
– Dette er eit etisk spørsmål der ein er fristilt som representant, og der kvar og éin må gjere seg opp si eiga meining, seier Alexander Heen (Sp), som støttar utvida grense.
Også i befolkninga er det fleital viser fleire undersøkingar Norstat har gjort for NRK.
Tredelt Høgre
Høgre si stortingsgruppe er delt i tre: Ei gruppe vil behalde dagens lov, ein annan del vil stemme for forslaget frå regjeringa og ei tredje gruppering vil ha eit eige forslag om obligatorisk rettleiing for kvinner mellom veke 12 og 18.
Samla inneber dette at regjeringa truleg vil få støtte frå godt over 100 representantar for å utvide abortgrensa frå 12 til 18 veker, ifølge NRK sitt anslag.
– Eg synest det er veldig bra at vi kan få eit stort fleirtal for å endre lova. Det seier noko om at ho har legitimitet, og at ho kan stå seg over skiftande fleirtal, seier Sandra Bruflot (H).
Hos Framstegspartiet vil minst fem av dei 21 folkevalde stemme for endringane, etter det NRK forstår.
– Vi vil ha ganske mange som vil stemme for dagens abortlov, men så vil det vere nokon som også ønsker å stemme for å utvide grensa til 18 veker, seier helsepolitisk talsperson Bård Hoksrud.
KrF-leiar Dag-Inge Ulstein seier han er utruleg skuffa over at fleire store parti går mot eigne program og ønsker å sjå fleirtalet i salen avteikne seg, «før dei kjempar for kva dei meiner» i abortsaka.
– Eg trur det er mange verdibevisste veljarar som er skuffa. Og nokon trur eg er rasande for at dei ikkje har kunna stole på det dei stemte på ved førre val, seier han.
Publisert 25.11.2024, kl. 11.43