Ein vart halden som gissel av Hamas inne i Gaza. Fleire av dei overlevde angrepet 7. oktober.
Til saman har 100 israelarar no saksøkt FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA). Dei meiner organisasjonen gjorde angrepet mogleg.
Søksmålet vart sendt til ein føderal domstol i New York mandag, skriv The New York Times.
– Desse forsøka på å svekke UNRWA får alvorlege konsekvensar, seier den norske diplomaten Leni Stenseth.
Ho var nestleiar i organisasjonen frå 2020 til 2023, og blant dei sju noverande og tidlegare topprepresentantar i UNRWA som er skulda i søksmålet.
– Ikkje berre for dei inne i Gaza som får naudhjelp frå organisasjonen no, men også for dei mellom tre- og fire millionane palestinske flyktningane i regionen som får bistand og helsehjelp frå dei, seier Stenseth.
– Vil svekke UNRWA
Stenseth ser dette som eit døme på ein politisk motivert kampanje – som har som mål å svekke UNRWA, og understrekar at det ikkje er noko hald i påstandane.
– Det er viktig å få fram at dette søksmålet ikkje er ei enkeltståande hending, seier ho og siktar til andre søksmål mot UNRWA.
– Dette er ein organisasjon som har eksistert i 75 år med eit mellombels mandat: Gi bistand og grunnleggjande helsetenester så lenge israelsk okkupasjon av palestinske område held fram. Det mandatet har vorte fornya kvart tredje år sidan 1949. På den måten er UNRWA ein del av det politiske spelet i konflikten, seier Stenseth.
Diplomaten slutta i UNRWA rett før angrepet 7. oktober for å starte i si noverande stilling som ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet.
Pengar frå Manhattan til Midtausten
I fleire år har UNRWA sendt fleire millionar amerikanske dollar i månaden frå New York til Gazastripa.
Dei har gått til å lønne tilsette og støtte sjukehus, skular og annan infrastruktur.
Påstanden i søksmålet er at UNRWA-tilsette inne i Gaza har veksla lønna si, betalt ut i dollar, til israelske shekel med pengevekslarar som var knytte til Hamas.
Pengevekslarane skal ha teke ein del av midla og brukt dei til å finansiere sine militære operasjonar.
Påstanden er at dei UNRWA-tilsette var klare over at Hamas fekk tak i over 10 milliardar UNRWA-kroner og brukte dei til å betale for utstyr til tunnelar og våpen.
Søksmålet gjer ikkje greie for korleis dei kan bevise at pengane vart brukte til å finansiere angrepet 7. oktober.
Det finst heller ingen detaljar som kan bygge opp under påstanden om at Hamas kontrollerer valutavekslinga i Gaza, skriv New York Times.
Ikkje første søksmål mot UNRWA
UNRWA har vorte saksøkte fleire gongar sidan angrepet 7. oktober. I januar stansa åtte land bistanden til organisasjonen etter at Israel la fram påstandar om at 450 av 13 000 UNRWA-tilsette var knytte til Hamas, og at 19 av dei deltok i terrorangrepet.
Dei fleste landa tok opp att støtta etter at den første påstanden vart avvist av ein uavhengig granskingskomité.
Det interne granskingsorganet OIOS undersøker framleis den andre påstanden.
Men framleis er organisasjonen i ei djup økonomisk krise.
Seinast i går gjekk UNRWA-leiar Philip Lazzarini, som også vart saksøkt på måndag, ut med ei bøn til verdssamfunnet:
– Israel har lenge vore kritiske til vårt mandat. No prøver dei å stoppe UNRWA sine operasjonar og fjerne statusen som FN-organ, ein status som vert støtta av eit overveldande fleirtal av medlemsstatane.
Også Noregs utanriksminister Espen Barth Eide har vore ute og oppmoda verda om å støtte UNRWA.
Då Lazzarini besøkte Oslo i førre veke, kunngjorde regjeringa at Noreg aukar støtta med 100 millionar kroner.
Det kjem i tillegg til støtta på 275 millionar kroner som Noreg allereie har gitt i år.
Fleire juridiske hinder
Juliette Touma, ein talsperson for UNRWA, sa på måndag FN-representantar på eit visst nivå får immunitet frå juridiske prosessar. Det gjeld også dei som jobbar for UNRWA.
Det kan vere første hinder for dei israelske saksøkarane.
Dei har prøvd å kome seg rundt det ved å saksøke UNRWA-representantane i ein amerikansk føderal domstol. Det er fordi dei har eit kontor i New York og har samla inn pengar der og brukt bankar i byen, skriv The New York Times.
Advokatane som fører søksmålet seier også at dei såkalla Alien Tort-vedtektene opnar for at ikkje-amerikanarar kan saksøke i slike domstolar.
Publisert 25.06.2024, kl. 21.53