– Å legge ned fylkeskommunen er det største og mest effektfulle tiltaket vi kan gjere for å redusere byråkratiet, seier Terje Søviknes (Frp), som i dag er ordførar i Bjørnafjorden.
Om Høgre og Framstegspartiet får fleirtal ved valet neste år, slik dei ligg an til, lovar han kamp mot «blindtarmen» i norsk forvaltning.
– Om dagens meiningsmålingar blir ein realitet 8. september neste år, vert avvikling av fylkeskommunen ei viktig sak, seier han.
I selskap med Frp har Høgre vedtatt å legge ned det som blir kalla eit «irrelevant» og «overflødig» forvaltningsnivå.
I staden meiner begge parti at større kommunar bør overta dei fylkeskommunale oppgåvene (sjå under).
Fylkeskommunane brukte 500 millionar kroner på jobbreiser
– Vi treng ikkje fylkeskommunen om vi får 100–150 kommunar, seier Tore Opdal Hansen (H), som er fylkesordførar i Buskerud.
I dag er det 357 kommunar i Noreg. Hansen legg til:
– Ja, sjølv utan ei kommunereform bør det vere ukomplisert å omfordele dei fylkeskommunale oppgåvene.
NRK har tidlegare kartlagt at fylkeskommunane brukte 500 millionar kroner på jobbreiser i 2022, og tidlegare i november viste ei ny meiningsmåling at 42 prosent av innbyggarane i Innlandet ønsker å legge ned fylkeskommunen.
Ei anna spørjeundersøking viste at berre éin av fire nordmenn (24 prosent) kjenner att fylkesordføraren i sitt eige heimfylke.
– Ingen andre enn fylkespolitikarar og byråkratar vil sakne fylkeskommunen viss han blir lagt ned, seier stortingsrepresentant for Frp, Erlend Wiborg.
«Fylkeskommunen er i limbo», skriv den liberal-borgarlege tankesmia Civita i eit notat.
«Den har ikkje reell makt, innverknad eller legitimitet (…). Det finst berre éi verkeleg løysing: Legg ned fylkeskommunen.»
Aslak Versto Storsletten er forfattaren av notatet.
– Fleire fylkeskommunale oppgåver er mest til for å rettferdiggjere at fylka skal eksistere, seier han til NRK.
– Det er for eksempel inga openberr grunngiving for at fylka skal ha ansvaret for tannhelse og kultur.
– Ei slik omorganisering blir svært kostbar
I dag er det ni andre europeiske land utan eit ekstra forvaltningsnivå mellom stat og kommune, blant anna Latvia og Slovenia. Resten er i all hovudsak såkalla «ministatar».
– Ingen andre land i Europa det er naturleg å samanlikna seg med har to forvaltningsnivå, seier Jon Askeland (Sp), som er fylkesordførar i Vestland.
Han seier at Noreg treng tre forvaltningsnivå og at alternativet vil medføra ei «hardhendt kommunesamanslåing» som det ikkje er grunnlag for langs kysten, der fjord og fjell skaper lange reiseavstandar.
– Eit styresett med to forvaltningsnivå vil svekke det lokale nivået, og føra til sterkare statleg sentralstyring av landet vårt.
Tobias Drevland Lund (R) i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget seier til NRK at «regionale briller» er avgjerande for å gi innbyggarane gode tenester og nærleik til avgjerdene.
– Kommunesamanslåingar vil forsterke sentraliseringa og svekke det lokale folkestyret. Ei slik omorganisering av Noreg blir svært kostbar.
– Og garantert upopulær.
Eirik Pessl-Kleiven / NRK
Tore Opdal Hansen (H), fylkesordførar i Buskerud
Vi treng ikkje fylkeskommunen om vi får 100–150 kommunar. Sjølv utan den kommunereforma bør det vere ukomplisert å omfordele oppgåvene frå fylkeskommunen. Nye oppgåver har ikkje i særleg grad blitt tilført fylka. Det seier vel mykje om synet til staten på fylka.
Oppegård kommune
Thomas Sjøvold (H), fylkesordførar i Akershus
Fylkeskommunane bør leggast ned, men da må vi ha kommunar som er store nok til å kunne overta oppgåvene. Fleire interkommunale samarbeid er ikkje ein effektiv måte å samhandle på. Overføring av oppgåver til staten er heller ikkje ei god løysing. Da er det betre å halde oppe det fylkeskommunale direktestyrte folkevalde nivået.
Remi Sagen / NRK
Anders Riise (H), fylkesordførar i Møre og Romsdal
Fylkeskommunen er framleis liv laga fordi han leverer viktige teneste til innbyggjarane. Det er pr. no ingen forvaltningsnivå som er budde på eller i stand til å levere dei same tenestene. Skal ein vurdere fylkeskommunen, må ein sjå det i heilskap med kommune og stat. På lengre sikt er eg samd i at fylkeskommunen sine oppgåver kan fordelast mellom robuste kommunar og staten.
August Hansen / NRK
Kristina Torbergsen (Ap), fylkesordførar i Troms
Eg opplever eit stort engasjement om dei sakene fylkeskommunen har ansvar for og leverer på. Det er eit kjent triks i boka å dreie diskusjonen mot forvaltningsnivå, i staden for å snakke om dei tenestene som blir leverte. Uansett forvaltningsnivå, så handlar politikk om å prioritere. Fylkeskommunen har ei viktig rolle nært kommunane som samfunnsutviklar og er med på å knyte kommunane saman.
Leif Rune Løland
Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland
Eit styresett med to forvaltningsnivå vil svekke det lokale nivået, og føra til sterkare statleg sentralstyring av landet vårt. Dette fordi to forvaltingsnivå vil medføra ei hardhendt kommunesamanslåing for at det skal kunna fungera. Då vil heile Noreg vera som Vestfold, der det i dag er eitt fylke med berre seks kommunar. I Vestland er det 42 kommunar, så landsdelen vår er heilt annleis.
Hege Kristin Hagen
Eivind Holst (H), fylkesordførar i Nordland
Det eg har erfart i dette vervet er at fylkeskommunen er ein relevant samfunnsutviklar for Nordlands 41 kommunar. Nordland Fylkesting varetar i dag oppgåver innan utdanning, tannhelse, folkehelse, kultur, samferdsel, fylkesvegar og infrastruktur, miljø, regional utvikling, næring, ungdom og internasjonalt samarbeid.
Gunnar Bratthammer / NRK
Lene Vågslid, kommunalpolitisk talsperson i Arbeidarpartiet
Fylkeskommunane er nødvendige brubyggarar mellom kommunar. Tenestene og oppgåvene fylkeskommunane leverer til folk er ofte for store for kommunane. Samtidig blir oppgåvene for fjerne frå folk dersom staten skal ta over dei. Derfor ønsker vi ikkje nye og dyre omkampar med tvangssamanslåing av kommunane for at kommunane skal ta over ansvaret for vidaregåande skolar eller kollektivtrafikk.
Silje Rognsvåg / NRK
Terje Søviknes (Frp), ordførar i Bjørnafjorden
Vi er blitt eit overadministrert land, og det kan vi ikkje fortsetja med når fleire sektorar innan helse og omsorg skrik etter arbeidskraft. Vi ser også at fylkeskommunane gradvis gir seg sjølv nye oppgåver under dekke som regional utviklingsaktør.
NRK
Arne Thomassen (H), fylkesordførar i Agder
Slik dagens kommunestruktur er rigga, må vi ha fylkeskommunen. Dei små og mellomstore kommunane treng ein sterk fylkeskommune.
Eskil Wie Furunes
Eivind Smith, professor og ekspert på forvaltningsrett
Eg har sans for ein «løysing» som vi ikkje høyrer så mykje om: Gjer fylkeskommunane meir relevante ved å overføre ein god del fagprega oppgåver ikkje frå staten - der det neppe er så mykje meir å hente - men frå primærkommunane. Så kan dei mange kommunar heller få større fridom til å ta seg av genuint «lokale» saker enn dei ofte har med dagens overleste oppgåvemappe.
NRK
Helge Eide, direktør i KS
Det er knapt mogleg å sjå for seg at kommunane – med unntak av dei aller mest folkerike – skulle kunne ta eit sjølvstendig ansvar for vidaregåande opplæring, kollektivtrafikk og regional næringsutvikling. Det må bety eit omfattande og komplisert interkommunalt samarbeid, og det er svært lite sannsynleg at det er meir effektivt enn dagens løysing.
Camilla Alexandra Lie / NRK
Dag Inge Ulstein, KrF
For KrF er det eit viktig prinsipp at saker skal løysast på lågast mogleg formålstenleg nivå. Det ville for eksempel ikkje vore bra om Stortinget skulle detaljstyrt kor vidaregåande skolar skulle ligge. Det kan også vere uheldig om kommunestrukturen krev gigakommunar. Men vi bør alltid vere opne for å sjå korleis fylkeskommunane best kan løyse oppgåvene dei er sette til.
Kristoffer Steffensen Lenes
Erlend Wiborg, stortingsrepresentant, Frp
Stadig fleire er einige med Frp i at fylkeskommunen er eit unødvendig og byråkratisk forvaltningsnivå som bør leggast ned. Legger vi ned fylkeskommunen, frigjer vi pengar som i dag blir brukte på byråkrati og politikarlønningar som heller kan og bør brukast på skolar, veg og tannhelse. Ingen andre enn fylkespolitikarar og byråkratar vil sakne fylkeskommunen viss han blir lagt ned.
Silje Rognsvåg / nrk
Birgit Oline Kjerstad, kommunalpolitisk talsperson i SV
Eg skjønar at mange er sinte på fylkeskommunane og fylkespolitikarane. Dette handlar om konsekvensen av for lite pengar til fylka, dyrtid og ei demografiutvikling som fører til færre elevar. Men eg synest alle som har fått trua på at Frp skal berge distrikta, skal lese Frp sitt alternative budsjett når det kjem. Frp er god til å klage, men har inga løysingar.
NRK
Aslak Versto Storsletten, Civita
Fylkeskommunen er nødvendig så lenge det finst mange små kommunar her i landet som ikkje kan ta på seg enkelte fylkeskommunale oppgåver. Men hadde det vore litt større kommunar, ville det ikkje vore behov for fylke. Noko større kommunar vil etter kvart også kunne ta på seg fleire oppgåver, og slik flytte makta nærare folk.
William Jobling / NRK
Tobias Drevland Lund, stortingsrepresentant for Raudt Telemark
Nokre oppgåver treng å sjåast på med regionale briller. Når ein skal bygge ein fylkesveg eller dimensjonere vidaregåande utdanning etter behova både til kva samfunn, næringsliv og elevar spør etter i ein heil arbeidsmarknadsregion, så er det smart å løyse dette regionalt som i dag. Viss kvar ein kommune skulle drive vidaregåande skole, hadde det blitt vanskeleg å gjennomføre i praksis.
Åge Algerøy
Jan Fridthjof Bernt, ekspert på forvaltingsrett
Kva er alternativet? Direkte statsstyre i alle saker som råkar meir enn ein kommune? Ingen felles regionalt organ som kan tale saka til periferien mot den sentrale statsforvaltninga? Eg trur vi treng eit folkevalt organ på fylkesnivå, men at det er behov for ein grundig diskusjon både av inndeling, organisering og plassering i forvaltningssystemet – og finansiering.
Philip Hofgaard
Bjørn Gudbjørgsrud, styreleiar i Norsk Kommunedirektørforum
Dersom fylkeskommunane blir avvikla så bør det skje store endringar i kommunestrukturen. Dersom generalistkommuneprinsippet skal haldast oppe, er ikkje dagens kommunestruktur berekraftig. Verken med eller utan fylkeskommunane.
NRK
Axel Fjeldavli, rådgivar i Tankesmien Agenda
Regionreforma til Solberg-regjeringa munna ut i ei reform som ingen ønskte seg: Større fylke, bråk rundt samanslåing og elles få nye oppgåver til fylka. Fylkeskommunen har nokre viktige legitimitetsutfordringar, men vi må hugse at fylkesidentiteten også er sterk mange stader. Det er mykje klokare å prøve å få til breie einigheit som kan stå seg over tid.
NRK
Bjørn Røse, tidlegare toll- og avgiftsdirektør
Stortinget har undergrave eksistensretten frå fylkeskommunen ved å statleggjere fleire kommunale og fylkeskommunale oppgåver. (…) Det logiske er derfor å leggje ned fylkeskommunen og legge oppgåvene over til kommunane.
Publisert 25.11.2024, kl. 05.41