Andreas (20) tente nesten halvparten av kva Jesper (18) vil tene i lærlinglønn

2 hours ago 3


Frisørlærlingar tener nesten halvparten av kva til dømes fiskerilærlingar tener.

Men den nyutdanna frisøren frå Bodø, Andreas Trondsen, er usikker på om det er rettferdig. Det er også Jesper Johnsen som snart er fiskarlærling i Bø i Vesterålen.

Lærlinglønna speglar nemleg «vaksenlønna».

Men Fagforbundet er ikkje i tvil.

Dei meiner så store sprik i lærlinglønn påverkar rekrutteringa til sårt trengde yrke.

– Kanskje ikkje rettferdig, men eg forstår det

Andreas Trondsen frå Bodø er nett ferdig med lærlingtida og jobbar no som frisør i Oslo.

I lærlingtida var berre det å få lønn stor stas for han.

Andreas Trondsen (17) fra Bodø gleder seg til å starte som frisørlærling i Trondheim til høsten.

Andreas Trondsen (20) er no ferdig utdanna frisør og jobbar i Oslo. Bildet er tatt då han var frisørlærling i Bodø for tre år sida. Frisørlærlingar tener i snitt 17.820 kr i månaden.

Foto: Johanne Eidsvold / NRK

– Eg såg på det med lønn som betalt studietid, sida eg ikkje var ferdig utdanna. I mine auge var det i seg sjølv eit pluss.

Men sett i samanheng med andre lærlingar tener frisørlærlingar veldig dårleg. Faktisk aller dårlegast. Dei best betalte lærlingane tener nær dobbelt så mykje.

– Er det rettferdig?

– Det er to vidt forskjellige yrke. Fiskarlærlingar er kanskje mykje borte heimanfrå og ute med båt. Det trur eg gjer det meir slitsamt mentalt og fysisk, seier Trondsen og legg til:

– Det er kanskje ikkje rettferdig, men eg forstår det.

– Veldig forskjellige yrke

Lærlingane i havbruk er i motsett ende av skalaen. Dei tener aller mest.

Jesper Johnsen i Bø, som neste år er fiskerilærling, meiner også at forskjellen i lønna kjem av at fiskeribransjen og frisørbransjen er veldig forskjellige.

Men om det er rettferdig synest han er vanskeleg å svare på.

Jesper Johnsen (18) er fiskerilærling og jobber på oppdrett i Bø. Han har lyst kort hår med midtskill, blå øyne og mørke øyebryn og har på seg en sort genser med glidelås. Han står foran en fjord med fiskebåter i bakgrunn.

Jesper Johnsen (18) er fiskerilærling til neste år, fordi det var mangel på lærlingplassar i år. Fiskerilærlingar tener i gjennomsnitt 34.390 kr i månaden.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Havbruksnæringa haustar av havet og produserer mykje mat til verdas befolkning. Eksport av sjømat er ein av dei største inntektskjeldene vi har i landet, seier han og fortsett:

– Frisørar utfører kosmetisk arbeid. Det er ikkje noko ein må ha, men av og til er det fint å få freshet opp håret.

– Ein evig kamp

Lærlinglønna baserer seg som regel på ein prosentsats av fagarbeidarlønna, altså kva ein nyutdanna fagarbeidar tener.

Anne Green Nilsen, forhandlingsleiar i Fagforbundet forklarar at lærlinglønna dermed speglar samfunnet.

– Er det rettferdig?

– Vi synest ikkje det skal vere slik, og jobbar på kvart tariffoppgjer med å få løfta lønna til dei lågast lønte. Det er ein evig dragkamp.

Anne Green Nilsen

Fagforbundet organiserer mange ulike yrke. Anne Green Nilsen, forhandlingsleiar i Fagforbundet, fortel at dei difor har ei meir kompleks oppgåve enn mange andre fagforeiningar.

Foto: Fagforbundet

Utdanningsdirektoratet skriv til NRK at nivå på lønna er eit tariffavtale-spørsmål. Der det ikkje er avtaler, er det verksemda der lærlingen er tilsett som avgjer lønna.

– Vi jobbar for å endre det mellom lønnssystemet og ved å dytte på strukturane i samfunnet for å verdsette yrkesgrupper på ein betre måte enn i dag, seier Nilsen.

No er dei avhengig at eldsjeler som vel dei låglønte yrka trass i dårleg lærlinglønn.

Jon Claudi, forhandlingsdirektør i NHO

Jon Claudi, forhandlingsdirektør i NHO, seier at sjølv om yrkesfaga er viktig for næringslivet er det naturleg at det er sprik i lønna til lærlingane.

Foto: Jon Petrusson / NRK

– Føler eg må forsvare meg

Ein av dei som har valt yrke trass i lønn er Trondsen frå Bodø.

Sjølv om han ikkje er sikker på om det er rettferdig, trur han det påverkar kor mange som kan tenke seg å bli til dømes frisør eller barnehageassistent i framtida.

Andreas Trondsen har lyst farget hår og sort skjorte på. Han tar bilde av seg selv i et speil.

– Eg føler at yrkesfag generelt og det å gå i lærlingtid er sett ned på av mange. Ein høgare lærlinglønn kunne fremma yrka meir.

Foto: Andreas Trondsen / privat

– Om eg seier til folk at eg er frisør, er det mange som førehandsdømmer. Eg føler ofte at eg må forsvare meg litt.

Han meiner respekten for dei låglønte yrka blir svekka med lønna.

– Med tanke på kor mykje jobb det er i forhold til lønna og kor viktig mange av dei låglønt yrka er, er det litt skeivt.

Jesper Johnsen (18) er fiskerilærling og jobber på oppdrett i Bø. Han har lyst kort hår med midtskill, blå øyne og mørke øyebryn og har på seg en sort genser med glidelås. Han lager en løkke av turkist tau og sitter mellom paller og fiskeutstyr.

Jesper Johnsen fortel at fiskerilærlingar kan tene opp mot ein million, om dei er heldige med båt og fangst. Men frå neste år skrur Fiskarlaget lærlinglønna ned, slik at fleire skal få lærlingplass.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Nilsen i Fagforbundet er ikkje i tvil om at det henger saman med rekruttering, særleg når det er høgt press i yrka samstundes som det er låg bemanning og lønn. Det er dei kvinnedominerte yrka ho er mest uroa for.

Trondsen på sin side meiner ikkje at det kvinnedominerte frisøryrket må vere låglønt.

– I frisøryrket kan ein tene dårleg. Ein kan òg tene veldig bra. Men ein må jobbe for å tene.

Publisert 25.11.2024, kl. 05.39

Read Entire Article