Nordmenn tar over engelsk fotballklubb

4 months ago 44


– Eg kan berre love deg eit standard kjedeleg svar nå. Me vil at fokuset skal vere på den avtroppande styreleiaren – for han er heilt unik i engelsk fotball, fortel Bendik Hareide på telefon frå England.

Der har han nettopp blitt tilsett som noko såpass sjeldan (og gjævt i mange øyre) som sportsdirektør for ein britisk fotballklubb.

Attpåtil i landets ølhovudstad.

Hareide og Strandhagen inn i Burton Albion

Tidlegare eigar og styreleiar Ben Robinson (frå venstre), ny styreleiar Ole Jakob Strandhagen, nestleiar i styret Tom Davidson, administrerande direktør Fleur Robinson, sportsdirektør Bendik Hareide, kommersiell direktør Kevin Skabo og Ben Robinson Jr. som også er ein del av leiinga i klubben.

Foto: Burton Albion

– Kan avkrefte!

– Kan me få høyre standardsvaret?

– Ja, eg kan bekrefte at eg blir sportsdirektør i Burton Albion. Det er ein tradisjonsrik og respektert klubb i England. Som dei fleste i Skandinavia har eg alltid hatt sterke band til England og engelsk fotball, seier Bendik Hareide.

Da faren hans Åge Hareide blei Noregs andre proff i England i 1981, etter salet frå Molde til Manchester City, var den ferske sportsdirektøren to år gamal.

Noregs to første proffar i England, Einar Jan Aas og Åge Hareide

Det første oppgjeret mellom to nordmenn i engelsk fotball, i 1981 mellom Einar Jan Aas og Åge Hareide.

Foto: Arild Jacobsen / NTB

Åge Hareide hadde også eit par år som proff i Norwich. Seinare har han trent blant anna Molde, Rosenborg, Noreg, Danmark og Island.

Lukter det Åge Hareide som trenar for Burton no da?

– Haha, nei det kan eg avkrefte! Det hadde blitt habilitetsproblem, humrar den yngre Hareide.

Burton ligg midt i England.

Bryggarane

Byen Burton ligg ved elva Trent, særs sentralt i England.

– Det er berre ein halvanna time køyring frå Manchester, og under to timar frå London, fortel Bendik Hareide.

Byen er kjent for sine bryggeritradisjonar, og Burton Albion har kallenamnet «Brewers», altså «Bryggerane».

Burton Albion's English defender Colin Daniel (R) scores the opening goal during the English League Cup second round football match between Burton Albion and Aston Villa at the Pirelli Stadium in Burton-upon-Trent, central England on September 15, 2020.

Burton har hatt nokre mindre cupeventyr. Her scorar dei 1–0 mot Ørjan Nyland og Aston Villa i andre runde av ligacupen i 2020. Dei har også hatt eit par berømte spelarar til manager: Nigel Clough og Jimmy Floyd Hasselbaink.

Foto: LAURENCE GRIFFITHS / AFP

Laget unngjekk i fjor nedrykk frå League One, som er det tredje høgaste nivået i England, etter Premier League og Championship.

Klubben har i mange år blitt styrt og eigd av Ben Robinson, som har eit nesten 50 år langt forhold til Burton Albion.

No har han selt livsprosjektet til Nordic Football Groups, ei gruppe av investorar og fotballfolk frå heile Skandinavia.

Ny styreleiar for klubben blir Ole Jakob Strandhagen, også han frå Molde.

Sidan Hareide ville ha eit standard, litt kjedeleg oppslag, skal me ikkje spørje om korleis det gjekk førre gong ein duo frå Molde tok over ein engelsk fotballklubb.

Publisert 03.06.2024, kl. 20.55

Read Entire Article