Bønder slit med å få vikarar – her har dei funne løysinga

2 hours ago 4


Bønder som jobbar sjølv om dei er sjuke, som slit med å få tatt ferie og som ikkje får tak i hjelp under lamming.

Eksempla på avløysar-mangel for bøndene er mange, men i Tingvoll kommune på Nordmøre prøver dei å gjere noko med dette problemet.

Eit kurs som går over fem dagar pluss nokon dagar i praksis skal kvalifisere ukrainske flyktningar til avløysar-jobb.

– Det handlar om å skaffe arbeid til dei som blir busette. Vi må prøve å få kompetansen deira frå heimlandet til å passe med behovet kommunen har, seier Åse Bjerke i Tingvoll kommune.

Ukrainske flykninger følger med på avløserkurs. Foran de står noen sauer.

Målet er at flyktningane skal kunne jobbe som avløysarar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Behovet er der

Peder Aasprang driv med mjølkeproduksjon i Tingvoll, og er positiv til at fleire får opplæring i avløyseryrket.

Sjølv er han heldig og har ein stabil avløyser no, men i mange år måtte han stadig lære opp nye for å få ei frihelg innimellom. Det er også viktig å ha nokon å kunne stole på dersom bonden blir sjuk, meiner han.

– Vi bønder har eigentlig vakt 24/7. Og det er klart at alle helger, fridagar og lange ferier som andre har, har ikkje vi som er ansvarlege for dyr, seier Aasprang.

Bonde Peder Aasprang står på marka sammen med kyrne sine.

Foto: Privat

Han seier at kursa er ein god start, men at det tar tid å sette seg inn i drifta og rutinene i dei ulike fjøsa. Difor er det viktig for bonden å sleppe stadige utskiftingar av avløysarar.

– Språk er også viktig slik at ein forstår kvarandre, seier bonden.

Ifølge sauebonde Kristin Sørheim har bønder kommunen absolutt eit behov for fleire avløysarar.

– Det er ikkje så mange som driv med sau her i Tingvoll, men det er verkeleg mangel på avløysarar for storfe, seier ho.

Kristin Sørheim mater sauene sine.

Kristin Sørheim seier at det er behov for fleire avløysarar i Tingvoll.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Og dei er ikkje aleine.

Ein rapport frå forskingsinstituttet Ruralis viser at over 40 prosent av bøndene i landet synest det er vanskeleg å finne avløysarar ved behov.

Berre 21 prosent svarte at dei synest det er lett.

Allereie fått jobb

Men snart vil det kanskje bli lettare å få avløysarar i Tingvoll. Det er kommunen og Landbruk Nordvest som står bak kurset, mens Imdi står for finansieringa.

Yvehen Tyshchenko er ein av kursdeltakarane, og har allereie ein jobb som ventar.

– Eg skal jobbe som avløyser i eit fjøs som driv med mjølkeproduksjon, seier han.

Yvehen Tyshchenko holder i et gjerde. Han er på avløserkurs i Tingvoll.

Yvehen Tyshchenko har allereie ein avløysarjobb som ventar på han.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Verken han eller dei andre deltakarane har hatt jobb innan landbruk i heimlandet.

Sjølv har han vore mekanikar, men han ser likevel for seg å bruke den kunnskapen i jobben som avløyser.

– Kunnskapen frå mekanikaryrke kan eg bruke til å fikse eit gjerde eller andre ting i fjøset, seier han.

Viktig for språket

Kurset deltakarane må gjennom består både av teori og praksis. Helga Bråten, som er einingsleiar for flyktningtenesta i Tingvoll, seier at det er nyttig av fleire grunnar.

– Vi ser at det er ein god måte å lære på. Både for det faglege, men også for språket, som også er ein viktig faktor.

Ho håpar kurset vil styrke deltakarane slik at dei kjem seg ut i jobb.

– Om det ikkje blir som avløyser, er det ei fin erfaring å ha med seg.

 Helga Bråten ser litt alvorlig inn i kamera. Bak henne ser du flere folk. Det er også noen sauer på beite.

Helga Bråten seier at kurset er ein god måte å lære på.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Publisert 15.10.2024, kl. 05.52

Read Entire Article