– Eg har faktisk lite lyst til å møte ein nordmann i hoppbakken. Ikkje fordi det er nokon sin personlege feil, men fordi denne manipulasjonen frå A til Å har gått for langt.
Det seier Andreas Wellinger til ServusTV.
Tyskaren tok sølv i normalbakken i ski-VM i Trondheim – bak Marius Lindvik.
I storbakken hoppa Lindvik eigentleg ned til sølv, men vart etter rennet diskvalifisert for juks.
Kjøper ikkje forklaringa
Torsdag startar Raw Air i Holmenkollen.
Der skulle altså Wellinger helst sett at han ikkje skulle møte Marius Lindvik, Johann André Forfang og dei andre hopparane.
Søndag bekrefta sportssjef Jan-Erik Aalbu at støtteapparatet hadde sydd inn ein forsterka tråd i dressane til Lindvik og Forfang.
DISKA I STORBAKKEN: Marius Lindvik.
Foto: Terje Pedersen / NTBHåpet var at det ikkje vart oppdaga i utstyrskontrollen. Han presiserte at han sjølv ikkje kjende til jukset.
Etter den spesielle pressekonferansen søndag har saka eksplodert i både norske og internasjonale medium.
Både Lindvik og Forfang har uttala at dei ikkje kjente til juksinga med hoppdressane.
Den forklaringa kjøper ikkje Wellinger, som viser til si eiga erfaring dei 12 siste åra.
– Dersom eg tar på meg hoppdrakta og merkar at noko er annleis, då spør eg kva som er endra, seier Wellinger til ServusTV.
SKEPTISK TIL NORSK FORKLARING: Andreas Wellinger.
Foto: Lise Åserud / NTBWellinger ønsker derimot ikkje å ta stilling til om han eigentleg burde ha fått gull for innsatsen i normalbakken.
– Sjølv om eg skulle ha fått tilsendt gullmedaljen ein dag, så har eg ikkje fått høyre nasjonalsongen. Bileta og kjenslene vil ikkje vere der, seier Wellinger, og legg til at han ikkje trur han får tilkjent gullet.
Hoppskandalen: Dette har skjedd
– Folk trur ikkje på dei
Det er ikkje mange aktive utøvarar som har uttala seg om hoppskandalen.
NRK var måndag i kontakt med det japanske teamet i Holmenkollen.
Dei ønsker ikkje å kommentere saka.
Toni Obendorfer, journalist for den austerrikske allmennkringkastar, seier at den gjengse oppfattinga i Austerrike er at dei fleste ikkje trur på Johann André Forfang og Marius Lindvik.
– Folk trur ikkje på at dei ikkje visste noko. Det gjeld både folk flest og ekspertar, seier Obendorfer.
Han slit personleg med å sjå kvifor Marius Lindvik berre skulle ha ein ulovleg hoppdress under rennet i storbakken.
– Han vann i normalbakken. Så kvifor endre noko før storbakken? Eg ser ikkje nokon grunn sjølv til å endre noko, seier journalisten.
Han er heller ikkje sikker på at hoppskandalen er over.
– Eg kan ikkje sjå vekk frå at fleire nasjonar er involverte. Dette kan vere toppen av isfjellet, meiner Toni Obendorfer.
Vil bygge opp igjen tilliten
NRK har lagt fram kritikken frå Andreas Wellinger til sportssjef for det norske hopplandslaget, Jan-Erik Aalbu.
Han svarer at han ikkje fått gjort noko med kva andre meiner om situasjonen det norske laget har hamna i.
SPORTSSJEF: Jan-Erik Aalbu.
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK– Det som har skjedd, det har skjedd. Vi har kome med ei forklaring på kva som har skjedd, og vi legg oss paddeflate. No tek vi tida til hjelp for å bygge opp igjen tillit både nasjonalt og internasjonalt, seier Aalbu.
Når det gjeld kritikken frå Toni Obendorfer, svarer sportssjefen slik:
– Eg har prata med dei norske hopparane og stolar på det dei seier. Eg vil ikkje spekulere utover det, seier Aalbu.
KLARE FOR RAW AIR: Johann André Forfang (til høgre), Marius Lindvik (nummer to frå høgre) og resten av det norske landslaget.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Hopparane sitt val
Aalbu legg til at han har fått beskjed om at det med sikkerheit ikkje har skjedd juks før konkurransar tidlegare i sesongen.
Både Marius Lindvik og Johann André Forfang er påmeldt Raw Air, som startar i Holmenkollen torsdag og held fram i Vikersund.
Jan-Erik Aalbu seier at det frå hans side ikkje er gjort noko for å hindre dei i å delta.
– Når dei etter så tøffe dagar ønsker å konkurrere, så er det deira val. Så langt ser det ut som dei skal delta.
Det blir jobba kontinuerleg med å lande på korleis det norske støtteapparatet vil sjå ut under Raw Air.
Hovudtrenar Magnus Brevig, assistent Thomas Lobben og skreddaren Adrian Livelten er suspenderte.
Varslar omfattande gransking
Michel Vion, generalsekretær i FIS, seier til NRK måndag kveld at granskinga av den spesielle saka startar snart.
Det er rett nok ikkje FIS sjølve som vil gjennomføre granskinga, men eit eksternt firma dei leiger inn.
FIS-GENERALSEKRETÆR: Michel Vion.
Foto: Mathias Kartveit Mikalsen / NRK– Etterforskinga vil starte i løpet av dei neste dagane, og den kjem til å ta tid, truleg fleire veker, varslar Vion.
Han bekreftar også at FIS har samla inn hoppdressane til dei norske hopparane og kombinertutøvarane.
Dei som skal gå gjennom saka kjem også til å gå gjennom alle videoar dei har fått. Det er også mange personar som skal intervjuast.
Michel Vion bekreftar også at det berre er dei norske utøvarane som skal granskast.
Publisert 11.03.2025, kl. 20.18 Oppdatert 11.03.2025, kl. 20.24