Kvite sørafrikanarar flyttar til USA som flyktningar

3 hours ago 3


49 sørafrikanarar landa i Washington denne veka. Dei blei tekne imot av ein delegasjon frå Trump-administrasjonen.

«Flyktningane» er kvite sørafrikanarar, òg kjende som afrikandarar som stammer frå europeiske innvandrar, hovudsakeleg frå Nederland.

– Det blir sagt at så mange som 70.000 afrikandarar frå Sør-Afrika har vist interesse for å kome til USA.

Det seier Liv Tørres, leiar av LOs internasjonale avdeling til NRK.

en kvinne iført en rosa skjorte

Ein av dei som har takka ja til tilbodet til Trump, har landa i USA etter å ha fått tilbod om asyl frå Trump-administrasjonen.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP / NTB

Likevel meiner Tørres at det lite truleg at Trump faktisk vil ta imot alle desse.

Ho trur at initiativet fyrst og fremst verkar som ein politisk markering.

Det var i mars at den amerikanske presidenten Donald Trump tilbydde flyktningstatus til denne gruppa.

Trump skuldar Sør-Afrika for «folkemord»

Trump har skulda sørafrikanske myndigheiter for å diskriminere afrikandarar, og har uttalt at dei blir utsette for eit «folkemord».

Sørafrikanske myndigheiter avviser desse påstandane.

Dei seier at det ikkje finst grunnlag for å hevde at kvite sørafrikanarar blir diskriminerte, skriv AFP.

en gruppe mennesker som holder flagg

Den første gruppa kvite afrikanarar frå Sør-Afrika kom til USA, der dei vart tekne imot på flyplassen.

Foto: SAUL LOEB / AFP / NTB

Enkelte røyster viser til at kvite sørafrikanarar er i fare fordi Sør-Afrika har høg førekomst av kriminalitet.

– Alle sørafrikanarar er utsette for kriminalitet. Sør-Afrika ligg høgt på den internasjonale statistikken over drap, vald og valdtekter. Den valden går først og fremst ut over svarte sørafrikanarar, seier Tørres.

Det finst inga offisiell statistikk som viser at kvite blir utsette i større grad enn andre grupper.

Forholdet mellom Sør-Afrika og USA har forverra seg den siste tida.

South African President Cyril Ramaphosa after the judgement of the ICJ, in Johannesburg

Sør-Afrikas president, Cyril Ramaphosa avviser påstandane om at landet diskriminerer den kvite befolkninga.

Foto: ALET PRETORIUS / ALET PRETORIUS / Reuters / NTB

Særleg etter at Sør-Afrika klaga Israel inn for Den internasjonale domstolen (ICJ) med skuldingar om at Israel har utført handlingar som svarar til «folkemord» på Gaza.

– Trump og andre, som Elon Musk, er truleg irritert over at Sør-Afrika har klaga Israel inn for ICJ, seier Tørres.

«Starlink ikkje får operere i Sør-Afrika berre fordi eg ikkje er svart», har Elon skreiv på X.

en person med langt hår og brun jakke står foran grønne trær.

Liv Tørres, leiar av LOs internasjonale avdeling.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Tørres viser til at Sør-Afrika har innført krav om lokalt medeigarskap ved investeringar, noko som investorar som Musk skal vere misnøgde med.

Styresmaktene i Sør-Afrika har vist til at avslaget ikkje handlar om rase, men lovar for lokalt medeigarskap.

Utviste Sør-Afrikas ambassadør til USA

I mars utviste USA den sørafrikanske ambassadøren. Amerikanarane si grunngjeving var at ambassadøren på eit møte sa at Trump-administrasjonen stod for ein politikk prega av «kvit overmakt», og at dei brukte politiske hundefløyter ved å framstille kvite som offer.

Same tid uttalte Trump at sørafrikanske bønder som ønskte å «flykte», kunne få ein rask veg til amerikansk statsborgarskap.

Trump og Musk har kritisert ei ny sørafrikansk lov som gir staten høve til å ekspropriere land om det er til fellesskapets beste. Slik som ved bygging av vegar, jernbane eller offentlege bygg.

I Sør-Afrika har det lenge vore mange svarte som meiner at jord bør overførast frå kvite til svarte, fordi mange kvite familiar fekk tilgang på land under det rasistiske apartheidsystemet. Difor er retten til å eige land eit omstridd tema.

Elon Musk i dress og slips

Elon Musk er fødd og oppvaksen i Sør-Afrika.

Foto: Chip Somodevilla / Reuters / NTB

Ifølgje Reuters eig kvite bønder om lag 78 prosent av landbruksjorda i Sør-Afrika.

Musk som er fødd i Sør-Afrika, har kalla eigedomslovene i Sør-Afrika for «rasistiske». Han og andre kvite meiner lova handlar om å ta land frå kvite, men det er fleire gonger avvist frå sørafrikanske styresmakter at det er hensikta med lova.

Musk har skulda myndigheitene for å ikkje stanse det han omtalar som eit «folkemord» mot kvite bønder.

At kvite sørafrikanarar er utsette for folkemord er ein påstand og konspirasjonsteori som lenge har eksistert, både blant dei kvite sørafrikanarane som ønsker å innføre apartheid på nytt, men også blant høgreekstreme utanfor Sør-Afrika.

Donald Trump i dress og slips

Donald Trump meiner at

Foto: Reuters

Sjølv om Trump har stansa nesten alle andre grupper med flyktningar etter at han blei president, så har kvite sørafrikanarar fått flyktningstatus i USA på rekordtid.

Sør-Afrikas utanriksdepartement har uttalt at busetjinga av kvite sørafrikanarar som «flyktningar» er politisk motivert.

Dei meiner at formålet er å så tvil om det sørafrikanske demokratiet.

Samstundes understreka landet at dei ikkje vil hindre borgarar som ønskjer å flytte.

Framleis store skilnader

Kvite sørafrikanarar utgjer i dag 7,3 prosent av folket i Sør-Afrika.

Ifølgje Tørres er det framleis store skilnader i levestandard mellom kvite og svarte sørafrikanarar.

– Kvite sørafrikanarar har framleis høgare levestandard, større tryggleik, lågare arbeidsløyse og større velstand enn svarte sørafrikanarar.

Det var hovudsakleg regjeringar styrte av afrikandarar som innførte apartheidsystemet, som tok frå svarte sørafrikanarar politiske og økonomiske rettar fram til ordninga vart avskaffa val i 1994.

– Det heile verkar ganske surrealistisk, for å seie det mildt, avsluttar ho.

Publisert 13.05.2025, kl. 11.36

Read Entire Article